Duft
Comments 5

Ei duftande gåve

Ein kollega av meg hadde vore med på å rydde etter eit dødsbo i familien, og sidan ho veit at eg er oppteken av parfyme tok ho det som ingen ville ha med til meg. O lykke! Dette var ein skatt.

Eg fekk ei flaske med Choc av Cardin, ei klassisk 4711, den bestemora vår brukte og ein ambercologne frå Honoré Payan, eit Grasse-firma som har gått ut av soga. I tillegg fekk eg to miniar, som eg elskar, nemleg Madame Rochas og Champagne frå Yves Saint Laurent.

Då Champagne vart lansert i 1993 slo vinbøndene frå distriktet Champagne seg vrange, og kravde at YSL skulle endre namnet. Det gjorde dei etter rettsleg pålegg, no heiter dufta Yvresse, og den er reformulert mange gongar. Den eg fekk er frå før bøndene fekk gjennomslag.

Så viss du vil lukte på originalen, så får du stikke innom på ein kopp te ein dag, så skal det nok bli ei råd. Er eg ikkje heldig?

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Solveig says

    synd du bur så langt unna, Alt godt! For eit kupp!

  2. Ingrid (9000) says

    Madame Rochas, det var julegaven fra første kjæresten min, den var veldig god! 🙂
    Ja 4711 brukte mamma, jeg liker nå den og.
    Den Amber ville jeg gjerne ha lukta på, det var fine saker du fikk der!

  3. Jeg har aldri lukta på 4711, men har hørt historier fra onkelen min om ei dame på landet som bare ble kalt «ho sjuogførrelleve» fordi hun ikke luktet så godt…

  4. Ohh, heldig! 🙂
    Den Champagne fra YSL høres spennende ut.
    Så en temmelig godt priset en inne på The Posh Peasant i Parfum for ikke så lenge siden.

  5. Så fantastisk at noe som ingen andre ville ha nå blir satt så stor pris på av deg! Godt at små skatter kommer til noen som vet å verdsette. 🙂
    Skulle gjerne luktet på den som het Champagne, så spennende historie den har!

Leave a Reply to byPCancel reply