Duft
Comment 1

Nytt parfymeri!

Eg stakk innom det nye parfymeriet Parfumerie i Vibes gate i dag. Lykke! For ein godtebutikk!

Eg lukta meg igjennom Carthusia, Villoresi, Nasomatto og Malin & Goetz. Comme de Garcon og Annick Goutal har eg vore igjennom før, så dei fekk stå i fred. Vi er verkeleg priviligerte her i byen no, det er fleire merke her som du ikkje inn i København eller Stockholm.

I tillegg har dei masse eksklusiv hudpleie, barberprodukt for menn og mykje anna moro. Det brukte eg ikkje tid på, men eg kjem attende med vurderingar av nokre av duftene eg fekk prøve på. Stikk innom, du og, Parfumerie er ein bytur verd!

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Åh! Så flott at det begynner å etablere seg et ganske godt utvalg i Oslo.

    Så du om de hadde samarbeidene fra CdG som CdG x Daphne for eksempel? Sjekk gjerne neste gang du er innom da 😉

Leave a Reply to byP Cancel reply