Her er ein enkel kyllingrett som eg lagde tidlegare i veka.
Den lokale butikken hadde heil, stor kylling til tilbod, og då er eg ikkje vond å be. Eg delte den opp, krydra den og serverte den med bakte poteter og tomatar. Det fine med denne “komposisjonen” var at eg lagde alt i omnen, ingen gryter å vaske opp etterpå. Potetene og kyllingen lagde eg i same form, og tomatane bakte eg på eit lite eldfast fat då det var ti minutt att av steiketida. Slik gjorde eg det:
Ovnsbakt kylling til tre personar
Ein stor kylling, ca. 1,2 kg.
Ein sitron
Salt og peppar
2 fedd kvitløk
urtesalt, gjerne heimelaga
Olivenolje
8 mandelpoteter
250 g cherrytomatar
Set ovnen på 220 grader.
Kutt låra av kyllingen, og del dei i to i leddet. Legg dei i ei romsleg eldfast form. Kutt av vingane og, og legg dei i forma. Del skroget i to langs brystbeinet, og skjer bort alt unntatt brystfiletane med ribbeina på. Del dei og i to, og legg dei i forma.
Press eller finhakk kvitløken, og ha den i oljen saman med rive sitronskal og safta av ein halv sitron. Kna det litt saman før du fordeler det over kyllingbitane. Dryss rikeleg med salt og peppar på.
Del potetene i to på langs og ha dei i ein bolle. Ha ei raus teskei urtesalt i 3-4 ss olivenolje, og bland godt. Slå urteoljen over potetene og vend det heile rundt slik at alle potetene er dekt av olje og urter. Legg dei i forma ved sidan av kyllingbitane. Fordel det som er att av urteoljen over potetene og sett det heile i ovnen på 220 grader i 30-40 minutt.
Del tomatane i to, og legg dei på eit eldfast fat. Ringle over olivenolje, og dryss på salt og peppar. La dei bake øverst i ovnen dei siste ti minutta av steiketida til kyllingen. Flytt kyllingen lenger ned viss det vert trangt.