Italienarane er veldig dyktige til å lage gode dessertar. Ein som alltid står på menyen er Tiramisu, men eg har hatt eit anstrengt forhold til den desserten så lenge eg kan huske. Grunnen til det er at den består av fingerkjeks dynka i kaffe, og eg har aldri lært meg å like kaffe. Men sist vi var i Italia fekk eg den servert dynka i appelsinkaramell, og så lagt lag på lag med jordbær, og det var ei heilt anna oppleving. Så no har eg gjenskapt denne desserten her heime, til stor glede for dei eg bur saman med (og meg sjølv.)
Denne desserten vert tradisjonelt laga med mascarpone, ein italiensk ferskost. Eg syns den er litt smaklaus og kjedeleg, så eg har eksperimentert med å lage min eigen ferskost. Denne har eg basert på ein gamaldags seterost som eg har lært av ei matvenninne. Slik gjer du det:
1 liter kefir
1 beger seterrømme
Ha seterrømme og kefir i ei gryte, og varm det opp til kokepunktet medan du rører. Når det har kokt opp legg du eit klede i ein sil oppi ein bolle.
Aus ostemassen over i kledet, og la det renne av i to-tre timar. Mysen som renn av kan du bruke i brødbakst, den er eit nydeleg brødmauk. Denne oppskrifta gir i underkant av 500 g ostemasse.
Smaksett osten med litt salt som du rører inn. Denne osten er nydeleg til spekemat, eller på nysteikt brød med litt syltetøy på. Du kan også smaksette den med urter, grovmalt pepar eller det du måtte ha lyst på. Grasløk er heilt perfekt i denne osten. Til tiramisu brukar du den naturell, men med litt salt. Syns du dette blir for komplisert eller tidkrevande kan du bruke mascarpone, ricotta eller naturell kremost.
Tiramisu med jordbær og appelsin
Ein pakke fingerkjeks, savoiardi eller Vicensovo
Ei korg jordbær
To appelsiner
1,5 dl sukker
½ dl cointreau eller grand marnier (appelsinlikør)
300 g ferskost
1 dl fløte, gjerne matfløte
1 dl melis
1 ts vaniljesukker, ekte
Ha det du skal lage desserten i klart. Eg lagde den i porsjonsglas, men du kan også lage den i eit fat med høge kantar. Bruk gjerne eit firkanta fat, det er lettast å legge i. Brukar du porsjonsglas, så del kjeksa i to med ein skarp kniv før du dypper dei i appelsinkaramellen, elles vert dei for lange.
Legg til side nokre pene jordbær til pynt. Rens og skjer resten av jordbæra i bitar, og rør dei i ein bolle med ½ dl sukker. Sett til side.
Press safta ut av appelsinene. Ha ¾ av appelsinsafta i ei lita steikepanne med1 dl sukker, og la det koke friskt i 4-5 minutt. Det skal berre bli seigt, ikkje brunt. Rør inn 2 ss cointreau, og dra til side.
Bruk ein matpinsett/ei klype, og vend kvar kjeks i appelsinkaramellen før du legg den på plass i det du lagar desserten i. Når du har lagt kjeks i alle glasa fyller du ei spiseskei med rørte jordbær i kvart glas. Brukar du form fordeler du halvparten av dei rørte jordbæra over kjeksa.
Pisk saman ferskost, melis, vanilje, resten av cointreauen og appelsinsafta til ein tjukk krem. Fordel ei skei eller to av denne oppå kjeks og jordbær. Legg på meir jordbær før du avsluttar med krem og pyntar med jordbær på toppen.