Fest, Kjøtt, Middag, Tilbehør
Comments 2

Per l’Italia!


Ei veke i Italia er godt både for sjela og lekamen.

Det er fint å bli kjend med ein annan kultur, og den italienske er trass alt ikkje så fjern for oss, spesielt ikkje når det gjeld mat. Pasta og pizza har blitt norske daglegrettar, og vi har teke i bruk urter som timian, basilikum og oregano som før stort sett var ukjende i vår matkultur.

Men det å ete er annleis i Italia enn her. Det er eit heilt rituale, med primi (forrett), pasta, secondi (hovudrett) og dolci som er dessertar. Med fire rettar seier det seg sjølv at kvar rett må bli ganske beskjeden. Eg har lese hissige amerikanarars omtalar av italienske restaurantar der dei rasar over å ha fått servert to tynne skiver kalvefilet til hovudrett. Når ein har vore i USA og sett amerikanske porsjonar så forstår ein at her er det rom for misforståingar.

When in Rome, do as the Romans er eit gamalt ordtak, og eg prøver å halde meg til det. Men ofte er eg mett etter forrett og pasta, og hoppar over hovudretten utan at nokon hissar seg opp over det. Dessert har eg ein eigen mage for.

IMG_5637I dag har eg laga eit stykke oksefilet på italiensk vis. Det vil seie, det mest italienske er sausen, som er ein grøn urtesaus som du vil finne att i enkelte andre middelhavsland og. Salsa verde heiter den både på spansk og italiensk, og den er ein frisk og sommarleg saus som også kan brukast som marinade, til fisk eller som salatdressing.

Sausen blir litt ulik kvar gong eg lagar den, det er litt av sjarmen med den. Smaken varierer med kva urter eg har som kan plukkast i hagen. I år var eg tidleg ute med å plante både persille, timian og dill. Mynte og rukkola er som ugras å rekne, og kjem att år etter år heilt uoppfordra. Slik gjorde eg det:

IMG_5670Oksefilet med salsa verde

800 g oksefilet, eg brukte ein flatbiff som nesten var gått ut på dato

Smør og olje til steiking

Salt og peppar

Sett omnen på 150 grader.

Ha smør og olje i ei varm steikepanne. Steik oksefileten brun og fin på alle sider. Legg den i ei eldfast form. Sett eit steiketermometer i den tjukke enden av kjøtet. Steik det til kjernetemperaturen er ca. 60 grader.

Ta ut kjøtet ein halvtime før alle går til bords. Skru omnen opp på 210 grader med varmluft. Dekk kjøtet med folie. Vend ein kilo små nypoteter i olje, og dryss med salt og peppar. Steik dei i eldfast form på 210 grader i ein halvtime.

IMG_5649Salsa verde

Ein sjalottløk

Tre fedd kvitløk

Skal og saft av ein sitron

3 ss kapers

Ein halv liter blanda urter

2-3 dl olivenolje

1 ss worchestersaus eller asiatisk fiskesaus

¼ ts chilipulver eller kayennepeppar

Salt og peppar

Rens og finhakk urtene med kniv. Rens og grovhakk sjalottløk og kvitløk. Ha løk, kapers og olje i ei matmølle, og køyr det ganske glatt med kniven. Riv skalet av sitronen, og press den. Ha i worchestersaus eller asiatisk fiskesaus, chili eller kayenne, skalet og halvparten av safta av sitronen, og alle urtene. Køyr sausen lett saman. Smak til med salt og peppar. Set sausen til side. Den held seg fire-fem dagar i kjøleskap med plast over.

Server kjøtet skore i tynne skiver med salsa verde, bakte småpoteter og steikte asparges.

2 Comments

  1. Oioioi, det hørtes fantastisk ut! Men – hvordan har det seg at man kan bytte ut worcestersaus med asiatisk fiskesaus, hva er logikken bak?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s