Billig mat, Kjøtt, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Gresk kjøtpudding

Denne kjøtpuddingen er både smakfull og saftig, og ganske kjapp å lage til ein kvardagsmiddag.

Eg har også lagd den med oliven i, men to av dei rundt bordet “liker ikke oliven”, så olivenane vart uteletne denne gongen. Det er ganske mykje urter i denne oppskrifta, eg brukte basilikum, persille, timian og litt sitronmelisse. Har du ikkje friske urter kan du godt bytte dei ut med 1 ts tørka timian og 1 ts tørka basilikum. Slik gjorde eg det:

Gresk kjøtpudding

400 g kjøtdeig

1 egg

To brødskiver utan skorpe

1 dl mjølk

4 ss hakka, friske urter av ulikt slag

5-6 avrente, grovhakka soltørka tomatar

1 ts salt

peppar

Set steikeomnen på 180 grader. Kutt brødskivene i terningar, og slå på mjølka. Dette kan du gjere rett i bollen der du sper kjøtdeigen. Ha i kjøtdeigen, saltet og egget, og elt det heile godt. Eg brukar K-kroken til kenwooden min, men ei anna kjøkkenmaskin eller hendene gjer same nytta. Ha i urtene. pepparen og dei soltørka tomatane, og elt det inn.

Smør ei form som rommar ca. ein liter godt. Legg i farsen, og bak kjøtbrødet på 180 grader i ca. 40 minutt til det er gjennomsteikt, og har gått fin skorpe. Det brukar å danne seg litt kjøtkraft i forma. Sil frå den, og bruk den til å gje smak i bulgurkrafta.

Grøn bulgursalat

4 dl kokande vatn

5 dl grove bulgurgryn

Steikesjy frå kjøtpuddingen

Ein grøn paprika

To stilkar stangselleri

150 g sukkererter

Fire stilkar vårløk

Ha vatnet i ei gryte saman med steikesjya. Ha i bulgurgryna, og la det koke opp. Slå varmen ned på lågaste stille, og la det stå å dampe i 10-15 minutt til gryna er møre. Smak på dei undervegs. Smak til med salt og peppar viss smaken er tam. (Byrjar du med gryna før kjøtpuddingen er ferdig steikt, så kan du røre inn sjya til slutt.)

Rens og snitt grønsakene fint. Vend alt unntatt vårløken inn i bulguren, og la det stå under lok på avslått plate i nokre minutt. Ha i vårløken rett før servering.

Tsatsiki

1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt

1 agurk

1 ts salt

to klyper svart peppar

1 fedd kvitløk utan det grøne

1 ts dill

Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt. Syns du den vert for syrleg og skarp så smak til med litt honning.

This entry was posted in: Billig mat, Kjøtt, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply