Milde gåver er alltid av det gode, og no har eg fått ei gåve som eg gjerne vil gje vidare.
Eg har fått boka Frie kaker av Anne Spurkland. Denne boka er gitt ut på Spartacus forlag, og inneheld oppskrifter på kaker utan ulike ingrediensar som enkelte er allergiske mot, eller som ein ganske enkelt ikkje har i skapet.
Sjeldan har eg funne ei så genial bok! Kokebøker er så mangt. Nokre er luftige i teksten, du får 50 oppskrifter for 300 kroner, og masse fine bilde. Det er fint og flott, men ikkje særleg økonomisk og praktisk. Anne Spurkland si bok er på ein annan planet.
Den er tettpakka med faktastoff, den er lekker og gjennomarbeida, og den inneheld enormt mange oppskrifter, minst 150, utan at eg har telt. Den er også utruleg variert, med alt frå dei alminnelege ostekakene og muffins til gulrotkuler, pakora og ei lang rekke rå kaker lagt etter raw food-prinsippa.
Har du ein allergikar i huset, i vennekrinsen eller ganske enkelt av og til går tom for basale ingrediensar som egg, smør eller mjøl, så bør du ha denne boka.
Det er nesten ingenting å pirke på i boka, men den er satt med relativt liten font, så du bør ha godt syn eller godt lys for å lese den. Råvarepresentasjonane og kjeldehenvisingane er nyttige, og bilda er enkle og ikkje for “styla”. Ei flott bok, altså!
For å vere med i trekninga av boka vil eg at du skal skrive ein kommentar i dette innlegget om at du vil vere med i konkurransen. Dersom du har ein blogg, og lenkar til min blogg og denne konkurransen, har du to “lodd” i konkurransen. Har du lyst på denne boka, så kast deg utpå i kommentarfeltet!
Jag vill ha den! Snälla snälla! 🙂
Men jag länkar inte, eftersom jag har en känsla av att mina svenska läsare nog inte är lika tända som jag på en norsk bok… så jag hoppas att min enda lott är en turlott!
jeg vil veldig gjerne være med i konkurransen! Lise B.
Deler på facebook jeg 🙂
Deling på facebook syns eg og skal få dobbelt lodd! <3
Ohh, hurra for konkurranse! Jeg er med, og delte på Facebook 🙂
Jeg stemmer for at folk får to lodd når de deler på Facebook jeg også, for jeg leste dette fordi Hilde delte den. 😉
Å, det var ei spennande framside (lurar på korleis tomater og basilikum(?) heng saman med kakebakst…), og med din reklame forstår eg at innhaldet er like bra 🙂
Klart eg vil få litt kakeinspirasjon! Eitt lodd til meg!
Ååå, denne har jeg ønsket meg så lenge!! 🙂 Hanne
Jeg vil gjerne bli med i trekningen! 🙂
Åja -med min godgutt med melke- og glutenintoleranse – pluss diverse andre allergier i familie- og vennekrets – er nye kakeforslag “uten” veldig velkomne.
Denne boka kunne eg godt ha tenkt meg! Vil gjerne vere med i trekninga 🙂
Bloggfri, dog med melkeallergi er jeg gjerne med i konkurransen jeg!
Eg vil gjerne vere med i trekninga!
Marita =)
Å ja takk, den vil jeg gjerne vinne 🙂
Ønsker meg denne boka 🙂 Skjønner ikke å lage lenke på bloggen,men du står på blogglista mi.
Mormor må ha glutenfritt
Mamma ønsker sukker- og kveitefritt
Tante vil ha laktosfritt
…ja, eg ønsker meg boka VELDIG.
Deler på Facebook.
Pingback: Innan midnatt! I morgon! « Alt godt
Jeg ønsker med en til min datter Eirin – som må lage kaker til verdens søteste Jonas – som verken tåler egg, melk eller nøtter
Denne ønskar eg meg! Sjølv toler eg det meste, men har ein familie full av matallergikarar! Ei skal ikkje ha noko med mjølk i, fleire kan ikkje ete nøtter, ei kan ikkje ete egg, nokre skal ikkje ha kveitemjøl…You name it – I try to cook for it…
Jeg er fristet til å legge inn samme kommentar som under ditt siste innlegg (“Ja! Vil ha!”), men tenker jeg får være litt mer høvelig: Kjære snille deg, jeg vil gjerne ha et lodd i kakelotteriet! Og så lenker jeg på facebook, da blir det kanskje to lodd?
Jeg tar ett lodd. Ser fin ut, den boka!
To lodd her, takk! :))
SÅ bra! Denne ønsker jeg meg!!!
Eg er gjerne med i trekninga 🙂