Grønt
Comment 1

Mørkt og trist?

Kaldt og stussleg? Viss det framleis er slik i morgon så veit eg ein måte du kan få det betre på. Ein måte som gjer alt grønt og fint, lyst og vakkert.

SVT2 byrjar å sende sin nye programserie Österlenska trädgårdar! Hagane i denne serien ligg i den mildaste delen av Sverige, der sjansane for at vakre og sjeldne vekstar vil trivast er store.

Første program går på lufta i morgon kveld kl. 20, så har du den kanalen tilgjengeleg er det berre å legge inn ein alarm på telefonen. Eller stille inn opptakaren, om du har slike fine greier. Du finn meir informasjon her. Og her. Kos deg med vakre hagar!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Elsa says

    Det er denne tida her dei skulle ha sendt hageprogram på norsk fjernsyn også. Ikkje på sommaren når folk er opptekne med sine eigne hagar.

Leave a Reply