No er den like rundt hjørnet!
Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo.
Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! 🙂
Vackert! Grattis! 🙂
Gratulerer! Eg har sånn sansen for det du seier om sylting av små porsjonar. I vår oppvekst var det bøttevis av bær som skulle bergast. No reknar eg med vi får lov å kjøpe ingrediensar i butikken …
Sist eg var på norskkurs, meinte føredragshaldaren at flotte bilde ofte er ein viktig grunn til at folk kjøper kokebøker.
Gratulerer til Gundaene ♥♥♥
Gleder meg til denne boka, for safting og sylting er moro og fine bilder gir enda mer lyst til å prøve seg ☺
Ønsker deg en God Påske!
-Og takk til deg for bær-bidraga! 🙂 Du blir behørig takka på “side tre”.
Gleder meg! Den boka skal jeg ha, Gunda!