Bryllup, Fest, Lykke
Comments 5

Den hektiske veka

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane.

I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og.

Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon!

Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! 😀

This entry was posted in: Bryllup, Fest, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Masse lykke til 🙂 Tenker bryllupet og festen etterpå blir riktig så flott.

  2. Lykke til med alt. 🙂 Ta det så pent du kan så du ikke blir utslitt til selve dagen. 🙂

  3. Elsa says

    Lykke til med bryllupet:-) Det blir nok ein kjempeflott dag.

  4. Glamourlegen says

    Lykke til! Dere får nok et fantastisk bryllup 🙂

Leave a Reply to Glamourlegen Cancel reply