Min kjære kom med eit forslag for ei stund sidan, om å ha brunost i semulegrauten. Han meinte det ville gi ein god smak som minte om rømmegraut.
Eg kunne ikkje anna enn å prøve, og resultatet vart veldig godt. Og ikkje minst fekk grauten ein vakker, gyllen farge. Eg var så sjangdobel at eg attpåtil dryssa riven brunost over grauten, som eit alternativ til sukker og kanel.
Dette er den perfekte kosekveldsmaten ein kveld det ruskar ute, og ein treng litt ekstra energi. Denne oppskrifta er til fire personar. Slik gjer du det:
Semulegraut med brunost
1 liter mjølk
1,5 dl semulegryn
1 ts salt
1 ss sukker
50 g brunost, riven eller i små bitar
Bland saman alt unntatt brunosten i ei tjukkbotna gryte. Sett gryta på middels høg varme, og rør jamnt og trutt til grauten kokar opp. Ha i brunostbitane, skru ned varmen litt og rør medan grauten småputrar i ca. 15 minutt. Server grauten med smørauge, eit lite sukkerdryss og eventuelt litt riven brunost eller kanel.
Kos deg i hauststormane!
Oi, spennende! Jeg får faktisk brunost hjemmefra i morgen (bor i Paris og får kjærestebesøk, hihi) – kanskje jeg skal prøve å bruke litt av den i grøt? Takk for tipset og god helg!