Billig mat, Mat, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Urteaioli

Aioli er aldri feil, den passar som saus, på brødet og i ei god suppe. I dag proppa eg den med gode urter, det gir den endå rikare smak.

Urteaioli

2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei)

2 fedd kvitløk

½ dl jomfruolivenolje

3 dl nøytral olje

1-2 ss sitronsaft

1 lita ts salt

½ ts honning

3 ss hakka, friske urter, basilikum, oregano, timian, toppløk

Press kvitløken, og bland alt som står over unntatt oljen saman i ein bolle. Bruk ein handmiksar, og miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.  Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 3 dl.

Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen.

Smak til med salt, litt sitronsaft, (syra balanserer feittet i oljen) og litt honning.  Husk at krystallar som salt løyser seg saktare i olje enn i vatn, så aiolien må kanskje stå litt mellom kvar tilsmaking for å trekke til seg saltsmaken. Er aiolien for fast i konsistensen, så kan du spe den med litt kaldt vatn.

Bland inn dei finhakka urtene til slutt.

1 Comment

  1. Denne gledar eg meg til å prøve. Krydring av aiolien er vanskeleg. Blir ikkje like god alltid. Skal få til denne oppskrifta. Perfeksjonere litt. Er so herleg å kunne og lage ein god aioli. Går jo raskare etterkvart også 🙂 og som nevnt før.. Elskar den idèen om å enten fryse ned eggekvitene eller aller best; lage ein pavlova av det??

Leave a Reply to karenmarenmette Cancel reply