All posts tagged: aioli

Andebryst med plommesaus og dobbeltbakte poteter


Å kose seg med vener og god mat blir berre viktigare dess mørkare og våtare det vert ute. Vi har invitert til festmiddag, og her er menyen. Eg elskar andebryst, og eg tek det alltid med heim når eg er i utlandet. Sist storejenta var ute og reiste forsto eg at eg har oppdrege henne godt, ho kom heim frå reise med fire andebryst i kofferten. Betre gåve får eg ikkje. Får du ikkje tak i andebryst kan du lage denne oppskrifta med enten kyllingbryst eller kalkunbryst. Juster steiketida etter kor tjukt kjøtstykket du brukar er. Sausen eg lagar i dag har eg laga i mange år. Eg lærte den av Arne Brimi, og den er veldig enkel, samtidig som den smakar heilt fantastisk. Først for kort tid sidan lærte eg at den (eller iallfall startpunktet på sausen) har eit ”pent” fransk namn, gastrique. Du lagar den ved å smelte sukker i panna, og så koke ut med raudvinseddik, eller viss du vil ha den litt mildare, raudvin. Så let du den koke vidare med …

Urteaioli


Aioli er aldri feil, den passar som saus, på brødet og i ei god suppe. I dag proppa eg den med gode urter, det gir den endå rikare smak. Urteaioli 2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei) 2 fedd kvitløk ½ dl jomfruolivenolje 3 dl nøytral olje 1-2 ss sitronsaft 1 lita ts salt ½ ts honning 3 ss hakka, friske urter, basilikum, oregano, timian, toppløk Press kvitløken, og bland alt som står over unntatt oljen saman i ein bolle. Bruk ein handmiksar, og miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.  Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 3 dl. Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen. Smak til med salt, litt sitronsaft, (syra …