Jul, Noko søtt
Comments 4

Årets julesnop – Fruktgelé og salte mandlar

Rett før jul er det fint å lage nokre nye variantar av julesnop. Ein treng jo ikkje kjøpe alt godteriet ferdig, heimelaga snop høyrer jula til.

Eg vart freista til å prøve å lage min eigen variant av seigmenn, altså fruktgelé med ulike smakar og fargar. No får ein kjøpt mange ulike sortar juice som er fine å bruke til å gi naturleg smak og farge. Eg kjøpte klementinjuice, men du kan like gjerne presse ut saft av klementinar som du allereie har. Klementinsafta smaksette eg med ingefær, eg hadde sylta, søt ingefær på glas som er fint å bruke både i julekaker og i gelésnop.

I tillegg fann eg ein blodappelsinjuice, og eg elskar blodappelsin i alle variantar, så då vart det blodappelsingelé og. Slik gjorde eg det:

IMG_5048Blodappelsingelé

1 kg sukker

5 dl blodappelsinjuice

3 pakkar (75 gram) gelatinpulver

1 ts sitronsyre

200 gram sukker med 2 ts sitronsyre til å rulle terningane i

Rør saman 3 dl juice og ein kilo sukker (unntatt 2 ss) i en kjele. La dette koke til sukkeret har blitt oppløyst, og det skummar kraftig. Skum av det som dannar seg på overflata, det gjer at geléen vert blankare.

Kok opp 2 dl juice i ein annan kjele med 2 ss sukker. Også her bør du skumme av stoffet som dannar seg oppå og på kjelekantane. Ta kjelen til side slik at det sluttar å koke, og rør inn gelatinpulveret.  Pass på at det ikkje dannar seg klumpar.

Hell gelatinblandinga over i kjelen med den søtaste juicen, og rør godt slik at gelatinen er heilt oppløyst. Tilsett sitronsyre.

Hell massen i ei bakepapirkledd form eller langpanne. Brukar du langpanne, så ikkje ta dei største. Mi var 20 x 30 cm, og det vart eit lag med gelé på ca. 1 centimeter. La forma stå kaldt natta over.

Når massen har stivna så tek du den ut av forma med bakepapiret på. Dryss godt med sukker på ei stor fjøl, og løsne geléen forsiktig frå bakepapiret langs kantane. Velt geléen over på fjøla, og dra bakepapiret forsiktig av. Dryss sukker på geléflaket med ein gong, då blir det lettare å skjere i.

Skjer først geléen i strimlar, og så i mindre bitar. Arbeid fort, geléen tørkar viss det går for lang tid, og då festar ikkje sukkeret seg skikkeleg.

Etter kvart som du kuttar legg du terningar med gelé over i eit vidt fat strødd med sukker iblanda sitronsyre. Vend terningane rundt, og pakk dei i boksar eller posar.

Server geléterningane som julesnop, eller gi dei bort i gåve fylt i blanke cellofanposar.

Geléterningane med klementinjuice og ingefær lagde eg på same måte, men eg rørte inn 100 gram finhakka sylta ingefær i gelémassen samtidig med gelatinen.

Vil du lage seigmenn, så hell massen ut i eit 1/2 cm tynt lag, altså i ei større form, og så stikk du ut med små kakemannformer.

Men vi må ha noko salt også, ikkje sant? Eg lagar nokre deilige, salte rista mandlar som er så enkle å lage at du må ikkje seie det til nokon. Desse kan varierast med ulike krydder og andre smakar, men eg likar dei best akkurat slik dei er.

IMG_5022Salte, rista mandlar

250 g mandlar

5 dl vatn

4 ss salt (ikkje noko fancy salt til dette)

Set omnen på 200 grader.

Kok opp vatnet i ein romsleg kjele. Ha i saltet og rør til det er løyst opp. Ha i mandlane, og kok det heile opp på nytt. Hell kokevatnet av mandlane, det enklaste er å slå det heile i eit såld over vasken.

På dette tidspunktet kan du tilsette ekstra smak. Har du sansen for det sterke kan du røre inn ei halv teskei chilipulver, det vert skikkeleg hot. Eg har prøvd med røykt paprika, det vart også veldig godt. Du kan også tilsette ulike variantar av urtekrydder. Eller du kan gjere som meg, og bruke dei slik dei er. Viss du vil krydre dei, så hell mandlane i ein vid bolle, ha på krydderet, og vend dei rundt slik at dei har fått krydder over det heile.

Hell mandlane på ei bakepapirkledd steikeplate, og la dei tørke i omnen på 200 grader i 15-20 minutt. Følg godt med, og fisk ut og smak på ein mandel no og då. Når dei har kolna på benken eit minutt eller to skal dei vere sprø, men ikkje brende. Grunnen til at du må følge godt med er at varmen varierer frå omn til omn, og brente mandlar er ikkje noko særleg. Har du ein varm omn må du ta dei ut tidlegare.

Har du laga dobbel porsjon kan du ta ut brettet ein gong eller to, og vende rundt på dei for å få dei likt ferdige. Når dei er ferdige kan du la dei kolne på plata. Når dei er heilt avkjølte kan du fylle dei på glas eller ganske enkelt vippe dei over i ei skål og nyte dei til eit glas gløgg.

 IMG_5054

This entry was posted in: Jul, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  2. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

  3. Pingback: Paprikasuppe | Alt godt

Leave a Reply