Allergi, Billig mat, Formkaker, Kaker, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Leave a Comment

Det enklaste – ei deilig banankake

Av og til er det enklaste det beste, og når eg vil ha noko godt etter middag er det enklaste banankake!

Banankake er ei vinn-vinnkake, den smakar fantastisk, og ikkje minst får du brukt opp dei brune bananane som har ein tendens til å hope seg opp i fruktskåla. Dette er ei klassisk formkake, som byrjar med eggedosis, og held fram med mjøl, væske og smelta smør.

Denne gongen fekk eg besøk av ein mjølkeallergikar, så eg brukte mjølkefri margarin og eplejuice i staden for mjølk, som ein ofte brukar i formkaker. Det ga ein frisk smak som alle likte. Eg syns også at det vesle syrlege frå eplejuicen framheva banansmaken.

IMG_7757Vi var i sør-Spania i haust, og i den vesle landsbyen Comares vart vi praia av ei gamal dame som viste seg å selge frukt og andre delikatesser frå stova si heime. Ho drog oss inn i gangen, og der hadde ho fylt opp med mango, rosiner, fiken, mandlar, granateple og alt som godt er.

IMG_7959Der vart vi rivne med, og kjøpte med oss masse fine råvarer, mellom anna rosiner av dei lokale muskat-druene. Dei er veldig aromatiske, og gir ein deilig søt dessertvin som eg vil tilrå at du prøver viss du får sjansen. Desse rosinene har eg brukt i kaka, og det vart veldig godt, om eg skal seie det sjølv. Så lokkar ei gamal dame deg utpå, så bli med. Då kan du få oppleve spennande ting.

Har du barn eller ungdommar i huset, så vil eg på det sterkaste tilrå at du lagar denne kaka saman med dei, slik at dei får det i fingrane, og lærer seg oppskrifta. Då er du garantert gode kaker ofte, og kven seier nei til det? Denne oppskrifta fyller ei stor brødform, ei rund form på ca. 24 cm, eller to mindre former. Du kan også lage den som muffins. Då kan du sette temperaturen opp til 200 grader, og steike dei i 20 minutt nederst i omnen.

Skal du servere denne kaka ved finare høve, så vert den heva opptil fleire hakk viss du legg ein glasur på. Eg har servert den både med osteglasur og med sjokoladeglasur, og begge delar smakte fortreffeleg. Men i dag spiste vi den naturell, den trengte ikkje noko meir enn ein god kopp te til.

Kos deg med kakebaksten, og ha ei fin helg!

IMG_7964Banankake

2 egg

2,5 dl sukker

2 overmodne bananar

130 g smelta smør

4 dl mjøl

3/4 dl eplejuice

2 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

1 ts natron

2 dl bløytte rosiner

Glasur: 125 g naturell kremost, type Philadelphia (ikkje light, det blir sørpe!)

Rive skal av ein sitron

125 g melis

Litt vaniljesukker med ekte vanilje

Sett omnen på 180 grader.

Smør ei brødform, og legg ein strimmel med bakepapir i botnen.

Ha rosinene i ei skål. Kok opp litt vatn, og slå over rosinene. La det gjerne stå eit par timar.

IMG_7962Lag eggedosis. Mos bananane, og bland dei i eggedosisen. Bland det turre i ein eigen bolle, og vend inn rosiner som har fått renne av seg. Rør det turre inn i eggedosisen vekselsvis med eplejuice. Rør inn smøret til slutt.

Ha røra i forma, og steik kaka i 45-50 minutt. Sjekk med kakenål om den er ferdig. Rør saman glasuren, og smør den over kaka. Pynt gjerne kaka med det du måtte ha i huset av kakepynt.

Osteglasur

125 g naturell kremost, type Philadelphia (ikkje light, det blir sørpe!)

Rive skal av ein sitron

125 g melis

Litt vaniljesukker med ekte vanilje

Sjokoladeglasur

200 g melis (ein pakke, altså)

70 g smelta eller flytande margarin/smør

1 ss kakao

1/2 ts vaniljesukker

1 ss ferdig kaffe

Ha melisen i ein bolle. Ha i smør, kakao og vaniljesukker. Rør glasuren glatt med ein handmiksar, og spe med kaffien til slutt. Brei glasuren ut over kaka, og pynt med det du har i huset.

Tips: Er bananane brune, men kakebakinga må utsetjast? Mos dei, og frys dei til bakelysta kjem over deg.

Leave a Reply