All posts tagged: frittata

Vårmat – frittata med jordskokk og asparges

Asparges og jordskokk er perfekt vårmat. Men passar dei saman? Eg er så heldig at eg har asparges i hagen min, og dei fleste vert etne rå medan eg held på i hagen. Men av og til kjem det så mange så fort at eg kan ta dei inn og bruke dei i ein middag. Venninna mi har jordskokkar, og kvart år til bursdagen min i mai kjem ho over plenen med ei korg full. Jordskokkar er eigentleg eit ugras, tenk nøye over kvar du plantar dei. Dei invaderer gjerne pene staudebed og grønsakshagar viss dei får lov.  Jordskokken veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. No på våren er den på sitt største, og du finn den i velassorterte grønsaksbutikkar. Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av …