All posts tagged: julekort

Mine julegåvetips


Oppigjennom åra har eg laga mange oppskrifter på ting du kan lage og gje i julegåve til vennar og kjende. Eit av dei søkeorda som eg får aller flest søketreff på i bloggen er faktisk spiselige julegaver. Her har eg ikkje berre tatt med det spiselege, men også andre tips til ting du kan lage med enkle midlar. Eg har samla lenkene på pinterest, då er det enkelt å klikke seg gjennom tipsa og sjå om det er noko der som er aktuelt for deg. Kos deg i førjulstida! 🙂

Førjulstid og førjulskos


Eg driv og planlegg dei tinga eg har lyst å lage og å gjere no i førjulstida, og det blir ei ganske koseleg liste. No til helga har vi invitert til papirverkstad her hos oss, då blir det julekort, pakkelappar og papirpynt i alle fasongar og variantar. Det er ikkje alt som er heimelaga hos meg, men pakkelappane og julekorta er alltid det. Eg lagar alltid fruktkaker, dei blir både servert til kaffen i jula og gitt bort i gåve. Dei franske pepparkakene høyrer med, det same gjer dei fine korintplettane, som eg alltid lagar til Ovedia og mannen hennar i julegåve. Dei får også alltid eit glas med whiskyappelsinmarmelade. I år driv eg og eksperimenterer med nokre fleire oppskrifter, eg skal lage nokre ostekjeks og ein ny type konfekt. Oppskriftene kjem etter kvart som eg har fått eksperimentert ferdig, det må av og til nokre feilslag til før den er akkurat slik den skal vere. Kva planlegg du å lage, og har du lenke til dine oppskrifter?