All posts tagged: Karamell

Karamellsnurrar

Ingenting gjer meg så lukkeleg som søt gjærbakst. I dag har eg laga nokre SJUKT gode karamellsnurrar. Eg er lei for ropinga, men desse er knallgode. Gå ein lang tur først, så har du fortent det. For at søt gjærbakst skal bli ordentleg god må den ha ein del smør i seg. Smøret kan du smelte, smuldre eller elte inn, og eg har valt det siste. Då lagar eg ein søt basisdeig, og så eltar eg inn smøret til slutt. Med kjøkkenmaskin går det veldig enkelt og lett. Har du ikkje kjøkkenmaskin tilrår eg å smuldre smøret inn. Då blandar du alt det tørre, og så kuttar du kaldt smør i ganske små terningar som du masserer inn i mjølet. Til slutt eltar du inn lunken mjølk og egg. Slike gode bollar som dette toler godt å bli krydra litt. Eg har alltid kardemomme i deigen, men når eg leikar meg med ulike variantar så set eg smak på fyllet på ulike måtar. Det klassiske er å bruke kanel, men i dag testa eg ut …

Ein enklare karamellpudding

Karamellpudding er min signaturdessert, og den blir alltid møtt med hyllest. Ein tenker jo ofte at det er komplisert, men eigentleg er det veldig enkelt å lage. Då Coop extra la ut oppskrifta mi til jul i år fekk eg eit tips frå ein slektning, som hadde sett oppskrifta mi, og syntest eg gjorde det unødvendig vanskeleg. Det er berre å blande alt i hop med ein gong, og sile det opp i forma, sa ho. Eg grunna på dette, for eg har jo lært at ein må varme opp mjølka med vaniljen for å få fram den gode smaken. Men det er jo ikkje verre enn at ein kan prøve, så då kasta vi oss ut i det, min kjære og eg. Kombinert med eit ynskje om pudding berre på heilmjølk, utan fløte, så vart det altså ein ny måte å lage karamellpudding på for meg. Og det beste? Den er like god som «den gamle», sjølv utan oppkok og fløte! Så no har du sjansen, meld deg frivillig til å lage dessert på …

Champagnebakte pærer med karamellsaus

No skal eg lære deg å lage verdas enklaste og raskaste karamellsaus. Slik gjer du det:  Enkel karamellsaus 2 dl brunt sukker 1 dl kremfløte 2 ss smør 1 ts vaniljesukker Ei klype salt Ha alt i ei gryte, og la det koke forsiktig opp medan du rører. Hald fram med å røre medan karamellen putrar, og la det koke forsiktig i 5-6 minutt til sausen er tjukk og fin. La den kolne. Champagnebakte pærer Ei pære per person 2-3 dl champagne eller ein annan musserande vin (evnt. 1 dl vatn, 2 ss sukker og 2 ts sitronsaft) Skrell pærene, del dei i to og fjern kjernehuset og blomsten. Legg dei med snittflata ned i ei eldfast form, og slå over champagnen. Dryss eventuelt litt sukker på viss du vil ha desserten ekstra søt. Bak pærene på 210 grader i 8-10 minutt. Er pærene dine ikkje så modne, må dei kanskje stå litt lenger i ovnen for å bli møre. Mine hadde lege på fruktfatet ei stund, og då var 8-10 minutt perfekt tid. Du …