Meir anti-TORO
Når eg tenker tilbake på min barndom var det eit kjenneteikn på at ein middag var husmorfagleg forsvarleg: Den vart servert med brun eller kvit saus. No for tida er dette ganske ukult, men slike sausar framleis er ein del av kvardagsmaten. Eg syns det er bra, men det irriterer meg at TORO lever høgt på folks vegring mot bruning og tilsmaking. Eg syns det er gøy å lage brunsaus, den kan varierast i smak, og den kan brukast til mange ting. Brunsaus er slett ikkje feia av banen av pastasaus på glas, ein treng begge deler. Eg må innrømme eit konkurransefortrinn: Mor mi gjekk på lærarskule i Volda seint på 70-talet. Før ho flytta på hybel (ho kom heim kvar helg, altså!) ga ho oss syskena og far min grunnkurs i brun og kvit saus, så då vart det middag på oss i vekene likevel. Far min vart ein kløppar, og lagar framleis fiskegrateng frå botnen av så lett som berre det. Å smake til sausen er den store utfordringa og gleda, og kunsten …
