All posts tagged: kokebok

Syltekurs i Sverige – vil du bli med?

Har du lyst til å bli med meg på syltekurs/matkurs til huset vårt i Sverige helga 18.-20. september? Huset har plass til åtte personar i tillegg til meg, og det beste er om du får med deg nokon du kan tenke deg å dele seng med. 🙂 Du får med deg masse syltetøy og forhåpentleg masse matinspirasjon heim. Send meg ein mail på gunda.djupvik@getmail.no viss dette freistar deg.

Sylteboka i nytt opplag!

Samlaget har bestemt seg for å lage eit nytt opplag av sylteboka mi, og no er den ute i butikkane! Det syns eg er veldig stas, spesielt no når NTB kan fastslå at sylting faktisk er trendy. Ikkje berre trendy, men supertrendy! Eg kjenner meg som ein pionér på sylteområdet, faktisk, som kom med boka mi i 2012. Når ferien er over kjem Samlaget og eg tilbake med ein signeringsrunde, der du kan bestille boka hos Samlaget, få den signert av meg, og så tilsendt med fri porto. Boka kostar no 299,-. Blir ikkje det fint?

Smalhans i julegåve – signert!

Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé? Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni. Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og. Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!