All posts tagged: mais

Pasta med mais og chevre

I late sommardagar er det godt med enkel, smakfull sommarmat der vi brukar grøda som har sesong akkurat no. Eg elskar å la meg inspirere i butikken. Eg vandrar rundt, først i grønsaksavdelinga, så går eg gjennom diskane med kjøt og fisk, og let fantasien vandre. Då kjem ofte dei beste idéane. Eg fann mais i grønsaksavdelinga her om dagen. Mais er blant dei tinga som er tilgjengeleg heile året, men den ferske, med dusk som viser at den er moden, og bladverket som passar på den, den er berre her ein kort periode. Då er det berre å kaste seg utpå, og vere kreativ. Å grille mais er ein klassikar, og kombinasjonen med søt mais og salt smør er uslåeleg. Men eg laga ein pastarett som løftar kombinasjonen mais og smør til nye høgder, der maisen vert kutta rett av stilken medan den er rå. Prøv det, du vil garantert ikkje angre. Maisen fekk selskap av squash, som også har tida si no. Den elskar også smør, og med løk og selleri i små …