All posts tagged: sjømat

Sildesalat med rødbeter

Sildesalat er ein sildebordklassikar som du enten elskar eller avskyr. Både smaken av raudbeter og smaken av sild er det ein på nynorsk kallar «an acquired taste». Eg bur saman med ein raudbetelskar, så her går den ned på høgkant. Den kan også lagast i vegetarisk versjon, altså utan sild. I den utgåva, som raudbetsalat, er den fast tilbehør i kjøttbollar i Sverige, men også deilig på leverpostei eller til ein fancy paté. Vil du lage denne utan sild i vegansk utgåve, kan du bytte ut kremfløten med soyarømme, eller kompensere med litt meir majones. Då vert den også laktosefri. Sildesalat Ein stor salta sildefilet, utvatna 300 g raudbeter, enten sylta i skiver, eller heile Eit stort, grønt eple Ein sjalottløk To-tre kokte, kalde poteter 1/2 dl majones 1 dl piska (usøta!) kremfløte Salt og peppar Fjern skinnet, og del sildefileten i små bitar. Sett til side. Rens eplet og løken. Kutt eplet, potetene, raudbetene og løken i omtrent like store terningar, altså ganske små. Bland saman majones og piska fløte. Vend inn sildebitane og …