All posts tagged: svensk mat

Enkel festmat – fylt falukorv


Kan svenske pølser vere festmat? Ja, det kan ein lure på. For meg er dette festmat fordi det er enkelt å lage til mange, og fordi det ser festleg ut. Og det er vel nok til å kalle det festmat?  Falukorv har fått suksess langt utover svenskegrensa, og du finn dei i ulike former og storleikar i dei fleste butikkar. Eg fekk tak i ei skikkeleg stor ei, og då laga eg ein flott middagskrans med gode smakar. Først skar eg djupe snitt i pølsa, og så smurte eg i litt god sennep. Vi hadde nokre få eple att frå hausten, dei har vakse i Valle i Setesdal, og er fulle av smak, sjølv på nyåret. Saman med epla la eg tynne skiver av sjalottlauk og ein smaksrik ost ned i snitta, og så fekk pølsa steike i 40 minutt. Fyllet kan du variere, du kan til dømes lage ein italiensk variant med tynne skiver av kvitløk, tomat og mozarella, eller du kan bruke urter av ulike slag saman med ost og løk. Ein må …

Flygande Jakob


Då eg fortalde mi svenske venninne at eg skulle skrive om ”Flygande Jacob” i bloggen var ho sjokkert: Det er jo skrotmat! Eg måtte le, men ho meinte det heilt alvorleg. Flygande Jacob var mat som svenske mødre, og sikkert også fedre, lagde når dei måtte ha noko fort, enkelt og ikkje nødvendigvis så sunt. Slikt har aldri hindra meg, så eg gjekk vidare med idéen min. Eg har snakka tidlegare om korleis eg finn inspirasjon, og denne gongen kom inspirasjonen på quiz. Vi fekk nemleg spørsmål om å oppgi tre ingrediensar frå den svenske retten Flygande Jacob. Vi gjetta på kylling, fordi retten var flygande, så supplerte vi med bacon og fløte, for det er i det meste som er godt. Vi fekk altså poeng, utan eigentleg å ha svart korrekt. Hovudingrediensane i Flygande Jacob er nemleg kylling, bacon, banan og peanøtter! Som ein slags kjøttsnickers, altså. Korleis svenskane kom på dette er uklart, men retten er visstnok komponert av ein svenske som heitte Jacobsson, og som jobba i flybransjen, derav namnet. Eg får kjensla …