Billig mat, Mat, pålegg
Leave a Comment

Eggesalat med bacon

Egg og bacon er ein fin frukost, men viss ein ikkje har planlagt godt nok, og er mange til frukost, er det ikkje sikkert ein har nok til alle.

Då kan du gjere som meg, og lage denne deilige eggesalaten med bacon i staden for den eksklusive steikte varianten. Då rekk tre-fire striper bacon og tre egg til ein heil familie. Eggesalaten er kjempegod på rista brød, og får ein lekker gulfarge utan karri. Eg brukte bacon i ferdige bitar, men du kan godt klippe bitar av baconstrimlar eller bruke omelettbacon.

Denne salaten er også fin til fingermat, på bildet har eg lagt den opp på små bruscettaer. Då er den perfekt som eit tiltygg til eit glas kjøleg vin. Slik gjorde eg det:

Eggesalat med bacon

3 egg, hardkokte

100 g finhakka bacon

8-10 sukkererter

5 skiver sylteagurk, finhakka

4 ss majones

1 ts provence-krydder

1/2 ts paprikapulver

2 ss sylteagurkkraft

Grasløk eller vårløk om du har

Salt og peppar

Sprøsteik baconet, og set det til side. Del dei kokte egga på kryss og tvers med eggedelar. Ha dei i ein bolle saman med majones, paprika, hakka sylteagurk, vårløk og sukkererter. Rør godt, og tilsett resten av kryddera. Bruk sylteagurklaken til å justere kor flytande eller fast salaten blir. Smak til med salt og peppar.

Leave a Reply