Fisk, Middag
Comment 1

Bakt torsk med tomatsaus og løk


Dette er ein veldig enkel måte å tilberede torsk på, eg brukte ein av dei fine ryggfiletane frå Storm. Du kan lage dette med andre typar kvit fisk og.

Som det brukar å vere med meg byrja det med restar. Eg hadde opna ein boks hakka tomatar her om dagen, og berre brukt ein tredjedel. Etter laurdagskosen sto det att ei flaske kvitvin og, den var av det søtlege slaget, ein Gewürtztraminer. Deilig til ost, men dagen derpå var det ingen som ville ha den.

Då kom eg på ein tomatsaus eg lagde ein gong der eg kokte inn vin og tomatar til ein tjukk saus. Den vart utruleg god, så eg kom til at dette var dagen for å gjenta den suksessen. Slik gjorde eg det:

Bakt torsk med tomatsaus og løk

400 g torsk

2/3 boks hakka tomatar

1,5 dl halvtørr kvitvin

Ein kvist timian

Salt og peppar

Ein stor løk

Smør til steiking

Mjøl til å vende fisken i

Set omnen på 200 grader.

Køyr tomatane glatte med ein stavmiksar. Kok opp vin og tomatar saman med timian i ei låg, vid gryte. Eg brukte den vesle steikepanna mi, dette var ein ganske liten porsjon. Når den har blitt tjukk, etter ca. 20 minutt, kan du smake til med salt og peppar. Smør sausen i botnen på ei lita eldfast form.

Del løken i tynne båtar, og steik dei gylne i smør i ei større steikepanne. Når løken er ferdig, fordelar du den over tomatsausen.

Ha 1 ss mjøl på ein asjett eller ei vid skål. Ha i 1 ts salt og masse kverna peppar. Rør godt saman, og vend fisken i mjølet. Smelt meir smør i steikepanna du steikte løken i, og steik fisken fort i den. Fisken treng ikkje vere gjennomsteikt. Legg fisken oppå løken og tomatsausen. Kok ut steikepanna med litt vatn, og hell utkoket i den eldfaste forma. Bak fisken i 10 minutt. Server med dine favorittpoteter og ein grøn salat.

This entry was posted in: Fisk, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s