Lykke, Mat, Middag, Noko søtt, Veggis
Comments 3

Dei beste pannekakene

Her i huset har vi ein liten diskusjon om pannekakene. Eg likar dei tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra.

Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Han eg delar kjøkken med vil ha dei tjukke, han syns det er unødvendig med salt i røra og han steiker dei i store mengder margarin. Han om det, slik gjer eg det:

Pannekaker

2 egg

3 ss sukker

½ ts salt

3 dl kveitemjøl

5 dl mjølk

2 ss smelta smør, eller flytande bremykt

img_4492

Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker på pannekaka etter at eg har snudd den slik at det smeltar. Så krystar eg litt sitron over, og serverer. 

This entry was posted in: Lykke, Mat, Middag, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Disse pannekakene er virkelig de beste jeg har smakt! Har prövd mange mange oppskrifter, franske, sveitsiske, etc og disse var best. Barna mine koste seg veldig med disse til lunsj idag. Tusen takk!

  2. Pingback: Gratinerte pannekaker « Alt godt

Leave a Reply to Agnete Djupvik/femtenåringenCancel reply