Noko søtt
Comments 7

Kakebordet


Kunne du kanskje gjette at eg hadde ansvaret for kaféen når korpset på Ila skal ha loppemarknad, bokmarknad, juleavslutning, juletrefest, 17-. mai-frukost og juneimit? Eg tenkte du ville syns det var gøy å sjå kva vi byr på når vi skal ha kafésalg. Her har du bordet slik det sto like før marknaden opna:

img_4500

 

Herfrå og bakover ser du ei eplekake, ei fransk mokkakake, ei krydderkake, ei sjokoladekake, ei gulrotkake, gulrotmuffins og eit lass med vafler. 

Avlange fat er fint på ein slik disk, då får du plass til mange fat side om side, og det er lett å flytte om på dei. Å ha nokre kaker på stettfat skaper variasjon, og gjer at ein kan plassere runde kaker utan at dei tek for mykje plass.

Vi brukar å pynte kakene der og då, vi har med oss ting til glasur, strøssel og melis til å sikte over kakene. Det sparer dei som bakar for arbeid, og det hindrar at kakene vert kræsja på vegen til skulen.  

Viss du søker på Fransk mokkakake får du stort sett opp ulike typar formkakedeig med eller utan kakao, med fyll og glasur. Denne kaka er meir som ein mokkabrownie, men det virkar litt rart å kalle det brownie når den er rund. Eg fordelte kakerøra i to runde former, ca. 20 cm store. Du kan og lage den i langpanne, då er vi nærare brownie-varianten. Slik gjer du det:

Fransk mokkakake

6 dl sukker

4 dl kveitemjøl

1 1/2 ts bakepulver

2 ts vaniljesukker

1/2 ts salt

7 ss kakao

2 ss pulverkaffi

2 ss varmt vatn

4 egg

200 gram smelta margarin

 

Ha alt det turre i ein bakebolle. Løys opp kaffien i det varme vatnet. Rør egg, kaffiblandinga og smelta margarin inn i det turre. Dette er lett som å lage ei pannekakerøre. Legg bakepapir i botnen på to springformer, ca. 20 cm eller ei lita langpanne og hell røra over. Steik kaka på 180 grader midt i omnen i om lag 20 -30 minutt. Kaka verkar litt rå når du tek ho ut, men slik skal ho vere. Ein variant er å ha 100 g hakka valnøtter i røra, det er kjempegodt, men litt risikabelt på loppemarknad, fordi mange er nøtteallergikarar. 

img_4507

Gulrotkake/gulrotmuffins

400 g fint revne gulrøtter

3 egg

3 dl sukker

2 ½ dl matolje utan smak, raps, mais eller soya.

4 dl mjøl

2 ts bakepulver

1/2 ts salt

1 ss vaniljesukker

1 ss kanel

1 ts kardemomme

Sett omnen på 180 grader, 200 grader viss du skal lage muffins. Riv gulrøttene fint. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland alt det turre. vend gulrøttene inn i eggedosisen, og rør forsiktig inn mjølblandinga. Sett muffinsformer ut over eit bakebrett, eller dekk ei lita langpanne med bakepapir. Ha røra i, og steik muffins på 200 grader i 20 minutt, langpanne i 180 grader i 35 minutt. Prøv med ei kakenål eller ein spagettipinne om kaka er steikt. La kaka stå i omnen til pinnen kan stikkast inn i den og takast ut utan at det sit røre fast på den.

Fyll gjerne røra i eit litermål viss du skal lage mange muffins.  Eg lagde 36, i store former, pluss ei lita langpanne. Eg trur eg ganga opp oppskrifta 3 gongar. Med glasur lagd med melis og eggekvite er denne kaka fin til mjølkeallergikarar. 

img_44941

Pynt kakene med kremostglasur, og dryss med det du måtte ha av strøssel og pynt. Langpannekaka er pynta med sukkerhjarte frå Specialkøbmanden, min faste strøssellangar i København.

img_45062

 

Muffinsa er pynta med kandiserte roseblad og bladgull (!!) frå same butikk. Deilig!

This entry was posted in: Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Sigrid says

    Så deilige kaker!
    Handler du kakepynt over nett? Vet du i såfall hvordan det er med toll o.l. på sånne varer?

    Likar

  2. Bladgull må jeg skaffe meg. Absolutt!! Juhuuu!
    Ellers ser det jo så godt ut at jeg sikler her jeg sitter.

    Likar

  3. Det gjeld vel dei same grensene for dette som for frø, blomsterløk og alt anna, altså at det må ha ein verdi under 200,-? Eg veit eigentleg ikkje, så no er eg i ferd med å uttale meg om ting eg ikkje har greie på. Mine strøsselsynder blir begått når eg er i Køben (og andre byar med betre utval enn her).

    Likar

  4. Tilbakeping: Kaketips for 17. maifest « Alt godt

  5. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

  6. Tilbakeping: Menyen i dag « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s