Mat, Middag, Oppskrifter for barn
Leave a Comment

Amerikansk favorittmat

Her kjem ei barneoppskrift til, den er altså skriven for barn. Men eg er sikker på at dei fleste vaksne og klarer å følgje den. 😉

Er hamburger blant dine yndlingsrettar? Det er iallfall favorittmaten her i huset, vi lagar gjerne heimelaga hamburgerar viss vi skal kose oss litt ekstra. Eigentleg er det ein slags flate kjøtkaker, men det er litt forskjellig måte å gjere det på.

Når ein lagar kjøtkaker rører ein kjøtdeigen med salt først, og så sper vi den med mjølk, kveitemjøl og gjerne eit egg. Når du lagar hamburger skal deigen berre rørast seig med saltet og krydderet, det skal ikkje mjøl eller mjølk i. Denne oppskrifta er til 8 burgerar, altså til fire kjempesvoltne eller til ein heil gjeng halvsvoltne.

Før du byrjar skal eg lære deg ein viktig huskeregel når du skal lage mat. Dette er det mange voksne og som ikkje tenker på, og då kan det fort gå gale.

Regelen er: Les alltid igjennom heile oppskrifta før du byrjar å lage mat. For du må finne svaret på to viktige spørsmål. Først og fremst: Har eg det eg treng for å lage denne retten? (og viss ikkje, kan eg bytte det eg manglar ut med noko eg har i huset?) Ta fram alt, så er du sikker. Neste spørsmål er: Kor lang tid tek det å lage retten? Ofte står det i oppskrifta, men det hender og at det ikkje står, og då må du berekne tida sjølv. Det er til dømes dumt å byrje å lage hamburger klokka 9 om kvelden, for det tek lett vel ein time, og då spøker det for leggetida.

Ein heimelaga hamburger er mykje betre enn Mcburgerking-maten, fordi kjøtet blir saftigare, og du kan velje alt du vil ha inni burgeren. Fersk, heimebakt hamburgerbrød er betre enn det svampete brødet som er i butikkane. Så prøv å lage heile hamburgeren sjølv, du kjem til å kjenne stor skilnad! Og lagar du det til middag til heile familien blir dei kjempeimponerte.

Du må planlegge litt, for du må ha kjøtdeig eller karbonadedeig og ei eller anna form for gjær i huset. Men har du det er det lett å lage burgerane. Det er lurt å byrje med brøda. Vi lagar brøda med mjølk og litt smør i, då blir dei litt mjukare enn viss dei blir bakt med vatn og olje. Slik gjer du det:

Hamburgerbrød

2,5 dl mjølk

2 ss smør

0,5 pakke gjær eller 1 ts tørrgjær

1 ts sukker

1 ts salt

mjøl til passe deig

sesamfrø viss du har

bake11.     Smelt smøret på svak varme i ei lita gryte.

2.     Ha i mjølka, og la deigvæska (altså blandinga av smør og mjølk) bli så varm som fingeren din er.

3.     Ha deigvæska i ein bolle, og rør inn gjæra slik at den løyser seg opp.

4.     Ha i sukker og salt.

5.     Rør inn mjøl til deigen er passe fast. Den skal ikkje vere klissete, men heller ikkje fast.

6.     Elt deigen i ca. 5 minutt.

7.     Sett deigen til heving i ca. 30 minutt.

8.     Sett omnen på 200 grader.

9.     Elt deigen igjen, og del den i ca. 8 bollar som du trillar runde.

10.  Kjevl eller klem bollane ganske flate, og legg dei på ei steikeplate som du på førehand har strødd med mjøl.

11.  Steik brøda i ca. 15 minutt til dei er pent brune.

12.  Legg brøda på ei rist, og dekk dei med ein rein kjøkkenhandduk til du skal servere hamburgerane.

Så skal vi lage sjølve hamburgerane. Det er veldig lett, men nokre småting må du huske på. Følg oppskrifta nøyaktig, så blir det kjempebra. Slik gjer du det:

Hamburgerar

farse800 g kjøtdeig eller karbonadedeig

1 ts salt

ei kvart ts peppar

smør, margarin eller olje til steiking

1.     Rør kjøtet seigt med krydderet. Det er viktig for at smaken skal blande seg, og for at hamburgerane skal bli saftige og gode.

2.     Lat kjøtet kvile litt medan du finn fram den store steikepanna, og set plata på ganske sterk varme. Det er viktig å få opp varmen godt i byrjinga, og heller dempe den litt etter nokre minutt. Mine omnsplater går frå1 til 9, og eg brukar ha varmen på mellom 7 og 8 når eg steikar burgerane.

3.     Ha 2 ss steikefeitt i panna, og vent til det har frest ferdig viss du brukar smør eller margarin.

4.     Finn fram ein steikespade og ei spiseskei. Ha ein kopp med vatn ved sidan av deg når du lagar burgerane.

5.     Fukt handflatene dine og skeia med vatn.

6.     Ta opp ein klatt kjøtdeig med spiseskeia, og legg den i eine handa. Form den til ein ball med skeia og handa, og flat den godt ut til slutt mellom hendene dine. Hamburgerane krympar i steikepanna, så lag dei litt større enn du trur er passe.

7.     Press dei ned i panna med steikespaden. Steik dei ca. 3 minutt på kvar side, til dei har fått ein fin farge, og kjøtsafta som kjem ut er klar. Legg dei på ein tallerken etter kvart som dei er ferdige.

hamburgerSå er det berre å finne fram tomat, agurk (sure eller ferske) og salat, og gjerne ketchup, sennep eller remulade også. Del brøda i to på langs, og smør remulade eller sennep på botnen. Legg hamburgeren oppå og pynt med grønsaker før du legg den øverste delen av brødet på toppen. Viss du vil ha cheeseburger kan du legge ei osteskive på kvar burger medan dei er i steikepanna, og legge på lok slik at osten smeltar.

This entry was posted in: Mat, Middag, Oppskrifter for barn

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply