Billig mat, Fredag, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Comments 7

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Slik gjer du det:

img_4522Vafler

3 egg

0,75 dl sukker

1/2 liter mjølk

110 g smør

350 g mjøl (litt meir enn ein halv liter)

1 ts bakepulver

Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl og bakepulver i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Denne oppskrifta gir ca. 12 vafler med mitt jern.

img_4520Etter at røra er rørt glatt, fyller eg den på ei tom og rein brusflaske med trakt. Då er det lett å dosere oppi jernet utan søl. Sett flaska på ein asjett mellom steikingane. Til masseproduksjon (som f.eks. på loppemarknad) er formfeitt på sprayflaske det mest effektive. Eg har ikkje det heime, så eg smører jernet med litt smør viss det trengst.

Server vaflene med syltetøy, eller sukker og rømme viss du har.

7 Comments

  1. Hehehehehe! jeg har gått her og trodd at jeg hadde duft-hallu-er pga vaffelpratet ditt, men vaffelvaniljelukta var jammen parfymen min, gitt 😆

  2. Kva for ein var det? Tiåringen min meiner D&G The One luktar vaffel, det var vel den, då?

  3. Pingback: Åtte slag « Alt godt

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply