Musikk
Comment 1

I serien gamle heltar…

Eg har gjenoppdaga ein barytonhelt frå den tida eg sjølv song i eit godt kor, Peter Mattei. Vi sang Griegs fire salmar med han som solist i Gamle Logen ein gong tidleg på nittitalet. Han har ei fantastisk røyst, og virkar som ein fullstendig ujålete, engasjert og sjarmerande songar.

I dei siste åra har han gjort det stort på operascenen, og forestillinga dette klippet kjem frå er Barberaren i Sevilla som var sett opp på The Met i New York i 2007. Klippet er frå ei tidleg scene, der Grev Almaviva (sunge av Juan Diego Florez) prøver å overtale barberaren Figaro til å lure vaktene slik at Almaviva kan få møte si høgt elska Rosina. Figaro er eigentleg meir oppteken av å reklamere for den fine salongen på hjul. Legg merke til dei lesbiske parykkassistentane. 

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply