Duft
Comments 6

Sublime Balkiss (The Different Company)

Sublime Balkiss vart lansert av The Different Company i 2008, og vert beskriven som ein moderne chypre. Som eg har skrive om tidlegare, så er ei chypreduft lagd med mose som ein del av duftnotane.

sbbottleI Sublime Balkiss er det ikkje mosen som gjer dufta til ein chypre, men patchuli, den gamle hippie-ingrediensen som minner om hasjrøyk, etter mitt skjønn. Patchulien som er brukt i Sublime Balkiss er imidlertid av ein heilt annan karakter enn den gode, gamle søtlege. Moderne patchuli er slankare, meir disiplinert og ikkje så påtrengande. 

Balkiss er namnet på dronninga av Saba, og dufta er designa av Cèline Ellena, dotter av den kjende parfymøren Jean-Claude Ellena. Ho beskriv sjølv dufta som kjend men overraskande, og eg forstår kva ho meiner. Det overraskande elementet er at den er så full av bær og patchuli utan å vere søt. Både bærnotar og patchuli vert mest brukt i søtlege, varme parfymer, men denne er ingen av delane. Den er tvert imot frisk og vårleg, tiltalande utan å vere påtrengande. 

tdc-sublimeSublime Balkiss har mange florale notar og, i tillegg til notar som minner om skog. Lyng og liljekonvall er framtredande blant hjartenotane, og understrekar chypre-preget.

Sublime Balkiss har blitt samanlikna med Angel, men det forstår eg ikkje i det heile. Toppnoten bergamott og botnnoten patchuli har dei til felles. Bortsett frå det er Sublime Balkiss på ein annan planet, med sitt kroppsnære, smygande, lågmælte preg, medan Angel er som ei fruktig, enerverande vaniljesky rundt beraren.

Sublime Balkiss er ei duft som er lett å gå med, du delar den berre med dei som er nær deg og som du vil dele med. Prøv den før du kjøper den, på enkelte forsvinn den i løpet av ein times tid. Det er for kort til den prisen. Viss den sit godt på deg, og du likar den, er den verd å ha på hylla.

 

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. -og du frister og du frister, du!

    Jeg for min del har funnet adressen til forhandleren av Profumum i Firenze.
    *knegg*

  2. Den her må jeg prøve på Heaven Scent! Jean-Claude Ellena er en av mine favoritt parfymører. Jeg har jo endelig forstått at jeg faktisk kan bruke patchouli også – Iallefall den moderne lettere typen. Jeg liker flere dufter fra The Different Company 🙂

  3. Rebecca says

    Naturlig! Ja, den ekte naturlige duften av kropp – den som lukter av det du er og hva du spiser – DEN duften dyrker jeg og min kjære. Vi bruker ikke noe duftpreparater whatsoever men nyter alle de naturlig nyansene av våre egne dufter.
    Anbefales!

  4. Pingback: Ekstremt lett påvirkelig « Hagen på Hytta

  5. Pingback: No er den min! « Alt godt

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply