Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel.
Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet.
Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell “tea tier” med tre etasjar.
Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse.
Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si.
Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime.
Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!
Å, du og du! Jeg er så sulten 😀
Åh, det der er akkurat sånt som jeg liker 🙂
Å – storm-lekkert!
Næh så flott det så ut! smakte sikkert godt også… ooo marsipan…