Billig mat, Fest, Mat, Middag, Veggis
Comments 6

Sommarfest med rømmegraut

Her om dagen fekk eg ånda over meg, og lagde rømmegraut. Då vi sat der og åt grauten med tørr brudevoldmår og flatbrød var vi veldig einige om at det er utruleg godt. Vi burde eigentleg ete det oftare. For linjene ville nok ikkje det vere optimalt, men gudbedre meg for ein fantastisk smak med enkle og billige middel.

Rømmegraut er strålande festmat og, inga sak å lage til mange, og alle blir glade. Med litt fenalår, litt mårpølse og spekeskinke til blir dei fleste mette. Eg ser for meg bunader på rad og rekke, og ei barmfager grautkokke på kjøkenet. Grauten er også ein naturleg del av jonsokfeiringa, eller St.Hans. Heime på Sunnmøre vert det alltid servert graut, enten på skulen eller på Kjeldsund. Denne oppskrifta er til to vaksne og to barn, eller tre vaksne. Slik gjer du det:

Rømmegraut

2 beger (600 g) seterrømme

2,5 dl mjøl

7,5 dl mjølk

1 ts salt

Kok opp rømmen i ei tjukkbotna gryte medan du rører flittig. La den koke i fem minutt. Ha på tre-fire spiseskeier av mjølet, og kok til feittet piplar ut. Eg får aldri av spesielt mykje feitt for eg er så redd for at grauten skal brenne seg, så hos meg hamnar mesteparten av feittet inni grauten. Men den smakar himmelsk for det.

Ha på resten av mjølet, og la det koke litt før du sper med mjølka. Mengda mjølk kan variere litt, og viss grauten tjuknar når den står så ha litt mjølk i bakhand viss du skal varme på den igjen. Smak til med salt. Server med spekemat i ei eller anna form, og sukker og kanel. Pluss dei feittdropane du klarte å få ut av rømmen, sjølvsagt. Velbekomme!

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Mat, Middag, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Åh ja, det er tid for rømmegrøt! Med rød saft og markblomster på bordet. Mmm…

  2. Maiblomst says

    Bestemor bruka alltid å innvitere heile familien på rømmegraut sommarstid.
    Eg tenkte faktisk på det i går, og det dukka opp ein tanke om at kanskje eg skulle byrje med ein rømmegrautsommarfest. 🙂
    Rømmegraut er herleg, men i grunne skal ein ikkje ete den for ofte, synest eg.

  3. Jeg tror det blir rømmegrøt og smekemat hos oss i morgen.
    Ha en riktig god helg. Jommen er det mye godt hos deg. 🙂

  4. Åh, rømmegrøt! Det er så godt, men etter noen år som sommeransatt på fjellstue ble det litt for mye av det og vafler…Nå lager jeg gjerne blandingsgrøt, risgrøt og rømmegrøt sammen. Husker dette som slåttekost fra barndommen,og ungene liker det bedre enn de “rene” alternativene.

  5. Rømmegrøt er så fantastisk god sommermat 🙂 Bruker å spise det med krydret elgpølse og knasende sprø flatbrød. Heldigvis spiser jeg det ikke så ofte, så det er like fantastisk godt hver gang!

  6. Eg elskar rømmegraut, og er van med at det blir servert i festelige lag. Eg har ikkje vore flink til å lage det sjøl, men når jenta mi fekk cøliaki måtte eg jo prøve 🙂 Og det går faktisk fint an å lage rømmegrauten glutenfri; det er så lite mjøl i retten at det gir lite utslag for smaken. Heldigvis; for då blir det oftare rømmegraut i vår familie 🙂 Eg syns det er best med vanlig spekeskinke til og/eller eller fenalår. Og så Åkrafjordpølse 😉 Ein må jo støtte heimbygda.

    Eg skal prøve di oppskrift neste gong!

Leave a Reply