Allergi, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 2

i dag må vi ha noko lett…

Når termometeret passerer 30 grader i Oslo er det grunn til å løfte augnebryna. Det er lenge sidan eg har opplevd det. Her kjem ei lett men mettande salatoppskrift, det blir ein ordentleg middag av denne salaten. 

Eg har slutta å plukke av aspargesen i hagen, men i butikken har dei masse. Bacon er ein favoritt i salatar, og i dag har eg supplert med squashskiver. Eg steiker baconet først, så kan eg la det trekke på eit handklepapir medan eg steiker squashen i baconfeittet. Det gir god smak. Til slutt fresar eg aspargesen litt, slik at den blir knapt mør. Slik gjorde eg det:

salatSommarsalat

Ein skalk issalat

Ein neve ruccola

seks tomatar

Eit lite knippe grasløk

Ein lys stilk stangselleri

100 g bacon

400 g asparges

Ein squash

Vask salat og tomatar, og la dei renne av. Knekk aspargesen der den gjev etter nederst på stilken. Skrell den litt nederst. Skjer squashen i skrå skiver. Steik baconet på middels varme til det er sprøtt. La det renne av. Steik squashen først, og så aspargesen. Legg salaten på ein asjett, og legg oppå delte tomatar. Klipp grasløken fint, og dryss den over saman med finskoren selleri. Anrett med bacon, asparges og squash. Til denne salaten serverte eg denne dressingen: 

dressingDressing

1,5 dl olivenolje

0,5 dl eplesidereddik eller annan lys eddik

1 ts sennep

1 s honning

1/2 ts salt

1/4 ts grovmalt peppar

2 fedd kvitløk

3 ss hakka grasløk

Ha det heile i eit litermål eller liknande, og køyr det glatt med stavmiksaren. Her vil kvitløken, sennepen og honningen emulgere dressingen, slik at den vert tjukk og stabil. Server med godt brød og det du måtte ynskje deg i glaset. Ha ein fin dag!

2 Comments

Leave a Reply to Britt Åse Cancel reply