Billig mat, Noko søtt, Veggis
Comments 6

Jordbær overalt!

No står dei på kvart eit gatehjørne og falbyr årets deilige norske jordbær, no er det berre å sette seg ned med ei korg og nyte dei. Eller lage ein deilig jordbærdessert. Den eg lagar i dag er kanskje mest til fest, men den er enkel å lage, du kan førebu den i god tid før gjestane kjem, den smakar fantastisk og den ser like flott ut som den smakar.

Jordbæra blir servert i ei skål av marengs, med piska rømmekrem. Eg likar å marinere jordbæra i litt melis og balsamico, den krydra smaken av balsamico løftar den enkle sødma i jordbæra slik at dei ikkje blir kvalmande slik dei kan bli når det er for mykje av dei. Dette er ein dessert til åtte personar. Slik gjorde eg det: 

IMG_5205Marengsbotnar

4 eggekviter

200 g sukker

1 ts kvit 5% eddik, gjerne eplesidereddik eller kvitvinseddik

1 lita klype salt

Sett steikeomnen på 100 grader, med varmluft viss du har. Pisk eggekvitene så stive at bollen kan vendast oppned utan at det renn ut. Ha i sukkeret ei skei om gangen til du har ein seig men luftig marengsmasse er sukkerkorna er løyste opp. Har du hastverk så bruk melis, det går like fint.

Bruk ein kopp eller eit glas, og teikn opp rundingar på eit bakepapir. Ta ei spiseskei marengsmasse, og legg i kvar runding, og stryk massen utover i eit halvcentimetertjukt lag. Ha resten av marengsmassen i ein sprutepose (sjå bildet, eg trer spruteposen nedi og over kanten på eit litermål for å lett kunne fylle marengsmassen oppi), og teikn ringar ytterst langs kanten på rundingane i to eller tre lag. 

Tørk marengsane i steikeomnen på 1oo grader i ein times tid. Ikkje bruk varmluft, desse byggverka er ikkje så veldig solide, og kan blåse overende. La dei kolne på bakepapiret før du forsiktig fjernar dei med ein tynn kniv.

IMG_7704Marinerte jordbær

2 kurvar jordbær

2 ss melis

1/2 dl balsamicoeddik

 Skyll og rens jordbæra nøye, og del dei minste i to og dei større i fire. Rør saman melis og balsamico, og slå det over bæra. Vend rundt på dei litt, og la dei stå kaldt eitt par timar.

Rømmekrem

3 dl seterrømme

2 ss melis

1 ts ekte vaniljesukker

Ha rømmen i ein bolle, og pisk den til krem med melis og vaniljesukker. Rømme er syrna fløte, og blir til luftig og fin krem akkurat som fløten. Dette går ikkje med lettrømme eller tilsvarande, dei kan ikkje piskast opp, akkurat som matfløte ikkje kan det. 

Denne desserten må anrettast mindre enn ti minutt før den skal etast, elles løyser marinaden opp marengsen. Legg marengsskålene på asjetten desserten skal serverast på. Legg ei god skei piska rømme i botnen av marengsskåla, og så ei skei jordbær. Avslutt med ein liten klatt rømme og litt fleire jordbær, godt avrente. Server med ein gong. Mmmm! 

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Sukkermamma says

    No kjem svigers frå Island på besøk snart, og då trur eg at eg skal trø til med denne. Norske bær er jo så gode! Nammenam!

  2. Denne så utrolig deilig ut!
    Denne skal jeg prøve! Lurer på hva som skjer om man ikke pisker kremen, men bare visper den sammen for hånd? Jeg lurer på ta denne oppskriften med på hytta, og der har jeg ikke visper. 🙂

    Håper du snart begynner å røre/sylte jordbær og! 🙂
    hint hint! Noe friskt til skiva ønsker jeg meg!

  3. Hjulvisp, det er tingen på hytta, Lin. Då kan du lage majones, aioli, piska krem, rømme eller vaffelrøre. Viss du ikkje piskar den så blir den mykje våtare, og meir kompakt. Eg piskar rømmen for å gjere den stiv, fluffy og for å unngå at marengskoppen går i oppløysing.

  4. Maiblomst says

    Rømme høyrtes ut som ein god vri!

  5. kjersti70 says

    Då kan eg skrive under på at rømmekremen i alle fall var god! Den blei ein stor suksess i middagen vi var invitert til i kveld; vi stilte med jordbær og rømmekrem. Jordbæra var heilt naturell da; det var mange barn der som nok ville få problem med balsamico-eddik. Men rømmekremen blei skrapa heilt ut av skåla. Eg brukte 6 dl rømme, og vi var fire voksne, to tenåringar og tre barn. Kunne gjerne hatt meir!
    Takk for fin oppskrift 🙂

Leave a Reply to Alt godtCancel reply