Utstyr
Comments 11

Den fine dingsen min

Eg har fått spørsmål om den fine grønsakstripelagaren min, som eg lagde gulrottilbehør til laksen i går med. No har eg teke nokre nærbilde av den, den er mykje mindre enn ein skulle tru. Ingen stor, komplisert mandolin her, nei. Compact living, det er det vi driv med her innanfor Ring 2. Vi kan ikkje ha ting som tek for stor plass.

IMG_1162

Med denne kan du lage strimlar eller «spagetti» av gulrøtter, squash, kålrot eller persillerot. Det er fort gjort, og gjer seg like godt som tilbehør til festmiddagar som til barnemiddagar der ein må lirke grønsakene inn i ungane. Viss du har strimla gulrøttene først går det fort å kutte dei sidevegs og, slik at du kan putte dei i pastasausar eller supper. Mykje moro med liten dings, altså.

Dingsen heiter peel appeal, og eg trur eg kjøpte den på glasmagasinet. Eg har sett den på nettet mange plassar, så den burde vere lett å få tak i, og ikkje minst få sendt i posten, bitteliten som den er. Det finst potetskrellarar i same patent, men utan dei vertikale knivblada.

IMG_1166

This entry was posted in: Utstyr

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Artig sak. Der kom årets julegåve-ide tenkte eg! Og sjølvsagt, eg ynskjer meg også ein slik, høyrer du Julenissen ?

  2. Ah, for meg som er glad i å lage wok, må den være genial. Herved på ønskelisten!

  3. Pingback: Hot wok « Alt godt

  4. Pingback: Trettenåringsfavoritten « Alt godt

  5. Iduns says

    Eg ønska meg og fekk juliennejern til jul. Med skaft, vanskeleg å bruka. Ditt ser mykje betre ut. Eg slit fælt med gulrotstrimlane.

  6. Pingback: Hovudretten: Torsk med raud pesto « Alt godt

  7. Pingback: Gammeldags fiskesuppe : Iskwews oppskrifter

Leave a Reply to kjersti70Cancel reply