Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Oppskrifter for barn, Supper, Veggis
Comments 6

Ei kvardagssuppe


Det er ingenting som varmar som ei deilig kvardagssuppe no i den fuktige, kjølege overgangen mellom haust og vinter. For meg er ei kvardagssuppe ei suppe du kan lage utan å måtte ut og handle, som du lagar med ting du har i skapet. Det gjer livet enklare når vi er sjuke, eller har det travelt mellom jobb, skule, barnehage, korps og trening.

Denne suppa ser ut som ei tomatsuppe, men den er meir enn det. Eg har i ein boks bønner, som gjev næring og gode proteinar. I tillegg har eg i det eg måtte ha i hus av grønsaker. Sidan mine barn er pingler, køyrer eg den glatt med stavmiksar.

(Eg må berre tilføye at dei vert ikkje ført bak lyset. Dei er heilt klar over at det er grønsaker i suppa, dei er med og skrellar gulerøtter, og knaskar gjerne i seg eit heilt mjølkeglas med gulrotstavar før middag. Det er berre bitar av kokte grønsaker dei vil ha seg fråbedne. Forstå det den som kan.)

I denne suppa kan du putte mange typar grønsaker. Selleri og squash går fint, har du pastinakk eller persillerot liggande gir dei og god smak.

Når eg først lagar ei slik suppe lagar eg stor porsjon med det same. Å få med seg suppe på termos på skulen dagen etter er stor stas, og har du ein rest kan den gå i pastasausen neste dag, eller som lunch til ein sjukling som er heime og treng noko godt. Slik gjer eg det:

IMG_2768Tomatisert kvardagssuppe

3 ss olivenolje

3 gulerøtter

2 ts timian

1 stor eller to små løk, gule eller raude

3 fedd kvitløk

Ein kålskalk

2 liter vatn

2 boksar hakka tomatar

1 boks bønner, salatbønner, kikerter eller bønner i tomatsaus

1 liten boks tomatpuré

1 ts chilipaste

2-3 buljongterningar

Salt, sukker og peppar

IMG_2757Rens og finhakk grønsakene. La dei frese i olivenolje saman med timianen til løken er blank, og dei sveittar godt. Slå over vatn, og ha i bønnene, tomatane, buljongterningane, puréen og chilipastaen. Chilipaste kan vere harissa, Sambal oelek eller andre variantar av mosa chili. Du kan også bruke fersk eller chilipulver.

IMG_2759La suppa koke til grønsakene er godt møre, minst 20 minutt. Køyr suppa glatt med stavmiksar før du smakar den til med sukker, salt og peppar.

Server med krutongar, ein rømmeklatt, riven parmesan eller eit kokt egg til kvar. Knekkebrød med smør på eller ei brødskive høyrer også med.

Denne suppa er fin både for glutenallergikarar og mjølkeallergikarar.

 

6 Comments

  1. solfrid says

    Takker og bukker; som vanlig. Supper er gode å varme seg på i denne kalde årstiden. 🙂

    Likar

  2. Neat, dette var oppskriften jeg trengte. Jeg tror vi tenker veldig likt når det kommer til mat. Mr. Jackson kommer til å få denne suppen til middag i morgen 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s