Musikk
Leave a Comment

Noko av det vakraste XXIII

Då vi skulle kjøpe nye høgtalarar for nokre år sidan gjekk vi frå butikk til butikk med denne musikken på plate i veska. Ravels Daphnis et Cloé er ballettmusikk, og eit fantastisk kunstverk. I tillegg kan det brukast til å teste stereoanlegg. Opptil fleire knela rundt 4:22 i dette stykket. For å høyre noko som helst av den vakre fuglesangen i innleiinga må volumet såpass opp at forsterkaren tek kvelden når orkesteret gir på skikkeleg.

I tillegg har eg sunge dette, med Oslo-filharmonien ein gong tidleg på nittitalet. OFO sine heimesider har så lite historikk og «gamle» fakta at det er uråd å finne ut når det var, dessverre. Eg trur det var Raphael Frübeck de Burgos som dirigerte, viss eg huskar rett gjekk han rundt i ein sitrongul pologenser under prøvene, og såg ut som eit påskeegg, rund som han er. Men framføringa var ei stor oppleving. Klikk deg vidare til andre og tredje del, opptaket med Ashkenazy er flott, men kutta noko abrupt.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply