Fest, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 4

Svart og kvitt

Eine dagen snør det, og det lysnar så vakkert. Dagen etter kjem det pøsregn, og det er svart som i ein sekk. Det er godt vi kan lage litt god mat for å halde humøret oppe.

Eg var hos den lokale fiskehandlaren, og han skar dei lekraste ryggfiletane av torsk til meg. Det er fantastisk godt fiskekjøt, og lett å variere med andre smakar. Du har sikkert fått med deg at eg er glad i sopp, og i dag brukte eg den mørke, lekre aromasoppen til ein smakfull soppstuing til torsken.

Du kan velje korleis du vil bruke denne stuingen, det går fint å varme opp torsken i den og lage dette som ein ragu. Men eg lagde stuingen ved sidan av, og serverte den som saus til fisken saman med ein grøn salat til. Både poteter, ris eller fersk pasta går fint til denne torskeretten.

Torsk skal ikkje ha så veldig høg kjernetemperatur, den skal ikkje høgare enn ca. 55-60 grader. Difor vert den fort kald. Lag stuingen og resten av tilbehøret klart, og så bakar du torsken til slutt og legg den rett på varme tallerknar. Slik gjorde eg det:

Bakt torsk med soppstuing

600 g ryggfilet (loin) av torsk

10 cm purre, berre det lyse

Ein liten løk

250 g aromasopp eller annan sopp

2 dl kvitvin

2 dl matfløte

Smør til steiking

Salt og peppar

Eitt par sitronbåtar

Rens sopp og løk. Skjer den gule løken i båtar, og purren i fine ringar. Del soppen i kvarte bitar. Steik soppen i godt med smør. Når den har fått fin farge har du i løken og purren, og let det frese til det er mjukt og fint. Slå på vin, og la det koke litt. Hit kan du førebu sausen i god tid, gjerne fleire timar før de går til bords.

Slå på fløten, og la sausen koke til den tjuknar. Det tek ikkje meir enn nokre få minutt. Smak til med salt og peppar. Blir sausen for tjukk, så spe med litt vatn eller mjølk. Hald den varm.

Sett omnen på 175 grader. Legg ryggfiletane i ei eldfast form. Strø dei med salt og peppar, og kryst over litt sitronsaft. Dekk med folie, og bak torsken i 18-20 minutt. Del torskestykka i fine serveringsstykke, legg på tallerken og legg stuing, salat og evnt poteter ved sidan av.

This entry was posted in: Fest, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Dette så herlig ut! Hvilken fiskehandler bruker du? Jeg er sjelden ute på fiskehandler-tokt, og Kiwi har mildt sagt lite utvalg.. Men dette inspirerte, må få tak i noe skikkelig fisk en dag!

  2. irma says

    Å, da skal jeg spore opp «laksen» når jeg camperer på Sagene i desember-og teste utt denne på vertskapet.

Leave a Reply