Billig mat, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Krutongar – og to kamera og ingen bilde

Då mitt kjære EOS 300D vart rappa frå kofferten på veg til Nepal i 2006 var eg ikkje treg med å dra kortet. Eg kjøpte eit nytt 350D i Kathmandu. Å vere i Nepal utan kamera var heilt uaktuelt. Dette kameraet har jobba saman med meg sidan då, og levd eit hardt liv, må eg innrømme.

I august nekta det å samarbeide, og eg måtte ut på marknaden. 500D kom i hus, og 350 D vart sendt til Kameraproffen for å sjekke om det var von. Etter ein månads tid ringte eg dei, og kameraet var redda for 1300,-. Glad og fornøgd henta eg det, og ga det som for tidleg julegåve til trettenåringen. Så no er det to kamera i bruk her i huset. Stort sett går det greitt,  mitt bur på kjøkkenbenken, og hennar vandrar litt rundt omkring.

Men av og til blir det teke bilde av trettenåringen med mitt kamera. Eg har oppdaga at trettenåringar har eit svært bestemt forhold til retten til eige bilde. Bilde av trettenåringar er trettenåringen sin eigedom, og vert lasta over på trettenåringen sin del av harddisken. Det hindrar resten av verda tilgang til dei. Ulempa er viss mor har teke bilde av spennande matprosjekt innimellom trettenåringsbilda. Då vert matbilda slukt inn på trettenåringsdelane av harddisken, og er dermed borte.

Det var det som skjedde med krutongbilda mine. Difor får du no ei krutongoppskrift utan illustrasjonar. Drit irriterande, spesielt for forfattaren. Eg kan berre beklage.

Men iallfall: Krutongar er kjempegodt, men det irriterer meg grenselaust at ein pose i butikken kostar ein femtilapp når det eigentleg er laga av gamalt brød. Krutongar er til og med ganske haldbart, så du kan fint lage ein porsjon, putte i ein boks, og oppbevare dei mørkt og kjøleg og spreie glede stadig vekk.

Krutongar er altså berre brødterningar med krydder og litt olje. Eg har ei fin lita sprayflaske til oljen, då brukar eg mykje mindre enn dersom eg skal ringle oljen over. Sprayflaska kan også brukast til å ha olje i steikepanna dersom du vil unngå å bruke for mykje.

Slik gjer du det:

Eit halvt brød

Salt og peppar

Urtekrydder etter smak

2 ss olivenolje

Sett steikeomnen på 200 grader  med varmluft. Skjer brødet først i skiver, og så skjer du skorpa av brødet. Kutt brødet i terningar. Ha terningane over på eit vidt fat. Spray på olje slik at det er tynt spreidd utover. Dryss over salt, peppar og urtekrydder. Det skal meir til enn du trur. Vend brødterningane rundt nokre gongar, og ha på meir.

Legg bakepapir i ei langpanne. Sprei brødterningane utover langpanna, og fordel dei slik at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Sett langpanna inn i omnen, og la brødkrutongane tørke på 200 grader i 8-10 minutt. Ta ut ein, la den kolne litt og smak. Er den mjuk i midten, så gi dei litt meir tid. Pass på at dei ikkje vert brent.

La krutongane tørke ytterlegare på bakebrettet, og ha dei over i ein tett boks eller eit glas når dei er heilt kolna. Viss du legg lok på medan dei framleis er varme mjuknar dei igjen på grunn av kondensen. Bruk krutongane i salatar, i supper og på pastarettar. Det gir ei deilig kjensle av luksus å ha ein stor boks med krutongar ståande som kan løfte dei enklaste rettane.

This entry was posted in: Billig mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Pingback: Deilig blomkålsuppe « Alt godt

  2. Pingback: Fruktcrumble – og litt matøkonomi « Alt godt

Leave a Reply