Duft
Comments 6

The Body Shop White musk Midnight Iris

Normalt held eg iris-dufter langt frå livet, eg har hatt nokre dårlege erfaringar der. Men eg er veldig glad i den klassiske white musk frå TBS, og har alltid testa flankerane frå dei og.

No er dei ute med ein ny flanker, White musk Midnight Iris. Eg måtte prøve, og etter eit minutt eller to med skepsis så  vart eg enig med meg sjølv om at denne slett ikkje er så verst. Det er ein klassisk floriental, den minner faktisk ikkje så reint lite om Karl Lagerfeld Floriental. Men den er utan fiol, heldigvis.

Midnight iris opnar ganske friskt og krydra på ein gong, med varme og punch. Denne er ikkje diskret i opninga, men den roar seg relativt raskt. No, etter åtte timar på huda må eg inntil for å kjenne den. Nær inntil er den forførande, spennande, med eit hint av luksus. Denne parfymen luktar meir enn den kostar.

Eg likar måten det orientalske er balansert med noko friskt, det er nok salvie og vannlilje som opplevest som urteaktig og grønt. Når den har vore på huda lenge er det tonka og sandeltre som dominerer, på ein for meg tiltalande måte. Eg likar denne!

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. MMMMM…..!
    Denne vil jeg garantert like også.
    Må snuse på den…

    Er ganske fornøyde med at jeg har noen nye favoritter,
    takket være deg.

  2. Jeg har prøvd den som bare heter white musk for damer, og den likte jeg ikke. Derimot likte jeg godt den for herrer. Kunne fint brukt den selv, men har gitt den til min mann. Dessverre reagerer han allergisk på de naturlige ingrediensene, så da er den nok snart min…
    Jeg liker ganske godt iris, så denne må jeg prøve!

  3. Viss du har ein gamal White musk for men, så hald fast på den! Dei har reformulert den, den eg lukta på i butikken på laurdag var ikkje til å kjenne igjen! 🙁

  4. Den var god, ja. Den einaste av TBS sine musks eg har likt. Men diverre er den vekke frå butikkane her allerie.

  5. Gammel? Aner ikke, kjøpte den som ny på Ebay for noen måneder siden ihvertfall….

  6. Eg tek med småprøvene mine på laurdag i neste veke, trur eg har ein «gamal» tbs for men der. Så kan vi samanlikne.

Leave a Reply to Alt godtCancel reply