Fest, Noko søtt
Comments 3

Pannacotta, vulkangelé og bondepiker

Pannacotta er mor sin favoritt, det blir liksom aldri feil. Dessutan er den enkel å variere, og det blir aldri mislykka. Eg likar den ganske mjuk, ikkje for stiv av gelatin. Denne oppskrifta er stor, det vart sikkert nærare 40 enkeltporsjonar. Slik gjorde eg det:

Pannacotta med skogsbærsaus

3 liter fløte, eg brukte kokefast 20% fløte

1/2 liter naturell biola yoghurt

2 dl sukker

2 kanelstenger

2 ts vaniljesukker med ekte vanilje

10 plater gelatin

Til sausen:

8 dl skogsbær

2 dl vatn

2 dl sukker

1 ss maisenna

Kok opp fløten med biola, kanelstenger og vanilje. La det stå og trekke ein snau halvtime. Bløyt gelatinen i ei skål med vatn. Kryst vatnet ut av gelatinplatene og ha dei i fløtemassen medan du rører godt. Ha massen i eit litermål eller ei mugge, då vert det lettare å fordele i porsjonsglas. La pannacottaen stivne i kjøleskap.

Saus: Kok opp bæra med vatn og sukker. Bland ut maisennaen i litt vatn og ha i den kokande sausen medan du rører godt. La kolne. Hell over pannacottaen rett før servering.

Tilslørte bondepiker

1 liter kremfløte

2 ts ekte vaniljesukker

8 dl eplemos

1 pakke bixit-kjeks

Litt kanel

Pisk kremen stiv med litt vaniljesukker. Knus kjeksen saman med 1-2 ts kanel. Ha litt krem nederst i glaset. Legg kjeks og eplemos lagvis i glasa. Denne porsjonen gir ca. 30 porsjonsglas. Topp kvart glas med eit lite pikekyss etter denne oppskrifta.

Vulkangeléen vart til ved at fekk ein fiks idé om at vi skulle ha raud og blå gelé. Først lagde eg blåbærgelé, men syns ikkje den vart blå nok, så eg hadde i litt blå konditorfarge. Sideverknaden av det var at geléen ikkje stivna skikkeleg.

Men eg ga ikkje opp, og lagde bringebærgelé som vi helte på toppen. Då såg det heilt ut som ein vulkan, meinte elleveåringen. Derav namnet. I små glas vart ein pakke blåbærgelé og ein pakke bringebærgelé nok til 12 glas. I morgon kjem det nokre kakeoppskrifter. Heng på!

This entry was posted in: Fest, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Nam!
    Du, det ligger en award til deg inne hos meg. Viderebringing av stafettpinne høyst frivillig 😀

  2. Jeg er imponert over dessertene dine! Virkelig. Og ser at vi begge har fått en bloggpris fra Mitt snitt: et fristed. Stas!

  3. Pingback: Meir dessert… « Alt godt

Leave a Reply to Britt ÅseCancel reply