Det varmar i sjela, å gå rundt i hagen, sjå på kaoset og desse vakre vipeegga.
Ruteliljer er det og mange som kallar dei, og det kan eg forstå. Det botaniske namnet er frittilaria meleagris.
Har du først fått dei til å trivast i hagen din så har du dei der. Då eg byrja med hage var desse noko av det første eg bestemte meg for å prøve å få til.
Dei klarer seg godt i skugge, og stiller ikkje store krav til stell og omsorg. (Og den kan jo vere litt variabel her i huset…)
Litt gjødsel er ikkje dumt, det gjev den meir lyst til å blomstre neste år.
Viss du ser godt etter er det ein plante med lysegule blomar bak desse. Dei kjem i to variantar, og eg trur det er litt tilfeldig om ein får den eine eller den andre. Dei lysegule har ikkje rutemønster, naturleg nok, dei er einsfarga.
Dette er også ein av Tage Andersen sine blomefavorittar, i boka “Buketter i en frodig periode” vert den også brukt på framsida saman med andre vårblomar i kjølege fargar.
Lekkert!
Mine lysegule har rutemønster. Knapt synlig, men dog….de er rutet i lyyyyys gul og hvit/enda-lysere-gul 🙂
Å, disse er nydelige. Går det an å få dem til å trives i krukke?
Eg har fått sansen for desse dei siste åra, var ikkje så begeistra før. No syns eg dei er flotte. Godt det er noko som blomstrar i denne kalde våren.
Rita: Eg måtte sjølvsagt ut og sjekke. Og jammen har du ikkje rett, det er svake, svake rutemønster på dei lyse og! Strålande!
annetten: Ja, eg har sett dei i krukke i blomsterbutikkar tidleg på våren. Dyre som fy, men likevel. Det går sikkert an å drive dei fram slik du driv fram andre løkar, altså lett fuktig, men ikkje våt jord, romsleg krukke og ute i skugge og under tak gjennom vinteren.
Again: Alt Godt to the rescue! Det sprang i går ut noen for meg totalt ukjente vakre klokker i hagen min, og jeg har gått og fundert på hva i all verden dette var for noe. Har aldri sett disse før. Så hopper jeg inn her for å høre hvilket råd du har til meg ang suksessterten jeg stilte spørsmål om for et par dager siden, og ser at du gir meg svaret på sølvfat, både når det gjelder suksessterte og blomstene: Rutelilje, altså! Takk for deet! :o)
…og for the record: suksessterten ble en suksess! Takk for hjelp :o)
Så bra, Tonje! 🙂