Grønt
Comments 2

Vakre blodbeger

Er dei ikkje nydelege? Dette er svigermors blodbeger frå i fjor. Ho fekk frø av meg, og til skilnad frå meg klarte ho å dyrke fram dette prakteksemplaret.

Til konfirmasjonen kom ho til gards med ei potte til meg med tre fine blodbegerplantar. No i helga skal dei få kome ut, og slå rot i ei romsleg hagepotte.

Blodbeger (Rhodochiton atrosanguineum) er ein plante som har blitt meir vanleg i dei siste åra, ikkje minst fordi den er ein populær plante blant dei hagegale. Du finn eit fint planteportrett av den her. Vil du ha den i år må du kjøpe ferdige plantar, det finn du på velassorterte hagesenter. I fjor kjøpte eg min plante hos Hesleberg i Asker, han med rosene.

Men rundt juletider reiser frøposar  og frøboksar land og strand rundt, og då er det mogeleg å sikre seg ein dose. Dei bør såast seinast rundt nyttår, så sakte som dei veks. Får du dei til har du sikra deg ein fantastisk klatreplante som du ikkje finn over alt.

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Anita K. says

    En vakker plante som vekker oppsikt! Jeg kjøpte blodbeger-plante hos Hagemo på Sander. Har gitt opp å få sådd dem. Frøene blir vissnok knapt modne her oppe i indre øst. 😉

  2. Oii, for en dramatisk, men vakker sak! Tror mamma har slike i hagen og mamma kvalifiserer under «hagegal» 🙂 Litt av et navn, men kan på sett og vis forstå det når jeg ser blomsten ..

Leave a Reply to Embla Cancel reply