Frustrasjonar, Lykke, Musikk
Comments 3

Plutseleg

God mat, god vin, sol og vakre omgivnader. Unge menn som konverserer som om dei aldri har gjort noko anna, sirkusartistar som kastar seg ned frå taket og grand prix-konferansier.

Plutseleg sit ho der, vakre, vevre, bustete Ingrid Olava. Ho syng hjarta sitt ut, sjølv om forretningsfolk skravlar uhøfleg bakerst i lokalet.

(Kva er det med dei? Eg har opplevd det så mange gongar, og blir like provosert kvar gong. Må berre minne meg sjølv om at musikk ikkje gjev alle den same intense opplevinga.)

Fire songar gir ho oss, deriblant ein Cohen-cover, Take this waltz. Ho er berre skjønn, og eit tvers igjennom musikalsk vesen. Så nær var eg.

This entry was posted in: Frustrasjonar, Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Awww… Stakkars dresskledte menn som ikke visste å sette pris på hva de faktisk fikk oppleve der og da. Og fine Ingrid Olava, og heldige du. Det blir gode kvelder av slikt, blir det ikke? Eller nei, ut fra lyset i vinduene var det kanskje dag fortsatt. Men likevel. Jeg skulle gjerne tatt den valsen!

Leave a Reply to Alt godtCancel reply