Noko søtt, Veggis
Comments 4

Ein fin frukost

Ta hurtigmiksaren din (det er vel det den heiter?) og finn fram alt du har av frukt.

Eg fann fram ein honningmelon som var på veg over the top, to bananar, tre nektarinar og tre store skeier av mors blåbærsyltetøy frå Målselv.

Rens all frukta for skal og frø, og ha den i hurtigmiksaren. Slå på så mykje yoghurt som du får plass til.

Skru godt til loket (veeeldig viktig) og køyr det heile til ein glatt puré. Dette kan ta lengre tid enn du trur, spesielt med heile blåbær i syltetøyet.

Server i store glas med sugerør frå Søstrene Grene. Dette kan med hell serverast på senga, kunsten er å ikkje søle. Den kan godt stå i kjøleskapet over natta.

Kos dokke. 🙂

This entry was posted in: Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. fjortenåringen says

    må si denne traff meg, det handler bare om å ikke plassere smoothien på gulvet når du skal stå opp 🙂 men godt var det!

  2. Jorid says

    Einaste frukten eg ikkje får til å fungere i slike miksturar er eplebitar. Eplejus funkar fint. Rips gjer at den ikkje står seg så lenge.

    No fekk eg lyst på årntli smudi altså!

  3. Høres helt herlig ut! Men jeg venter med å ta en slik til i morgen tidlig når jeg og sønnesønnen skal kose oss 😉

  4. maiblomst says

    Mmm! Og hvis du har frossen frukt eller bær, vert skikkeleg kaldt og godt!

Leave a Reply to fjortenåringen Cancel reply