Livet
Comment 1

Orakelet svarer


Feriemodusen gjer nok at det ikkje haglar inn med spørsmål, eg ser at besøkstala går ned no i juli. Men eg set stor pris på dei spørsmåla eg har fått, og her er svara mine:

Solveig: Kva syltepulver anbefaler du? Eg brukte både Jam og Certo til røring av jordbær, Certoen gav mykje tjukkare sylte – før frysing. Elles har eg ikkje sett att sukker med syltepulver til koking i år. Håper det dukkar opp.

Alt godt: Eg brukar faktisk også Certo, av gamal vane, viss eg ikkje finn syltesukker. I år har livet mitt vore så fullt av ting som skjer så eg har ikkje fått sylta noko, så eg har ikkje vore ute og leita. Eg vonar dei ikkje har slutta med syltesukker, både du og eg har jo hatt suksess med det, Solveig.

Maiblomst: Me er i Marseilles på husbytte. Noko eg absolutt burde få med meg, eller shoppe eller smake på her nede? Og kor mykje vaskar og ryddar du før husbyttet? Etter å ha bytta med England og no Frankrike, verkar det som me nordmenn kanskje svinger vaskekosten litt meir?

Alt godt: Marseilles er ein by som eg ikkje har besøkt, så eg er kjempemisunneleg!  Aix og Avignon er fine stader å dra på ein dagstur, det same er middelalderbyen Arles, der Van Gogh, Gaugain og Picasso alle har arbeidd. 

Spis morbiere, den deilige mjuke osten der det eine laget er laga av den feite morgonmjølka, så stryk dei eit lag aske på, og så er det andre, øverste laget laga av kveldsmjølka. Vi hadde med eit heilt hjul heim frå Lunel då vi var der for nokre år sidan. Med eit glas rosé frå Languedoc til. Mmmm!

Når det gjeld reingjering så moppar eg alle golv, vaskar bada, tørkar over alle benkar og bord, og ryddar som til helga. Så fjernar eg stablar med papir, og andre private eignelutar, og ryddar unna sko i gangen. Eg let det vere to hyller/elfa-korger tomme per person som kjem. Eg tømmer slik at dei får ei skuff på kjøkkenet og to hyller på kvart bad for sine ting. Utover det gjer eg vel ikkje så mykje.

Nivået på reinhald varierer jo frå land til land, og innomhus er nok vi nordmenn nøye. Samstundes har eg sett veldig ulike nivå her og, så ingenting overraskar meg. Vi har bytta i Frankrike tre gongar, den eine gongen var det litt rotete, dei to andre var det heilt strøkent. Så eg trur kanskje variasjonane er personlege heller enn geografiske. Men det er klart, vi nordmenn har sjeldan veggtilvegg-teppe, det hjelper veldig. Og vi friterer lite, det gjer og sitt til at det ikkje er spesielt feittete og udelikat i husa våre.

Elisabeth: Når kommer du tilbake?  Neida. Men altså: Hvis du kunne dra hvor som helst og når som helst uten å tenke penger, ferie osv… Hvor ville du dratt da? Hvis anything was up for grabs?

Alt godt: Hehe, anytime, baby. Eg ville dratt til Afrika. Byrja i Kenya kanskje, dratt på teltsafari og sett store dyr, dratt til Zanzibar for å bade og så kanskje tog ned til Sør-Afrika for å sjå om eg kunne finne att nokre av dei vennane eg hadde der ein gong for lenge sidan. Det ville nok vore ein ideell ferie for meg.

Takk for gode spørsmål, alle saman!

This entry was posted in: Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Monica says

    Jeg har et spørsmål! Litt på etterskudd, men det får stå sin prøve. Temaet er parfyme.

    Jeg har brukt Green Tea av Elizabeth Arden i mange år nå, og kunne i grunnen tenkt meg noe nytt. Jeg liker de friske duftene som bare lukter rent. Har du noen å anbefale?

    På forhånd tusen takk!

    M:)

    Likar

Legg att svar til Monica Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s