Ferie, Reise
Comments 2

På loppemarknad i Paris

På laurdag, før vi gjekk på paparazzirunde på Rue Cambon, var vi innom vår “lokale” loppemarknad her på austkanten av Paris.

Vi gjekk rue Avron til endes, og der møter gata den store ringvegen rundt Paris, Le Pereferique. Det er ein motorveg med mange filer, men i det krysset er det ei stor rundkøyring med fotgjengarfelt slik at ein kjem over på andre sida utan å krysse motorvegen. Rett på utsida av motorvegen her er det ein stor loppemarknad som breier seg langs gatene som går parallelt med motorvegen.

Paris er kjend for loppemarknadane sine, det mest kjende er vel Marché de Puce de St. Ouen som ligg på baksida av Sacre Coeur, på Montmartre. Metrostoppet er Porte de Clignancourt. Det ligg også eit stort eitt på Rue Ledru Rollin (rett ved Promenade Plantée), Marché aux puces d’Aligre. Det finst mange fleire og, det var dei eg kom på i farta. Nokre er oppe berre enkelte dagar, men St. Ouen er ope “alltid”.

Det er klart du kan gjere kupp på loppemarknader her i Paris, men det er mykje skrammel og skrot mellom skattane. På laurdag dumpa eg borti ei parfymebod, og der selte dei masse fake-parfymar av typen viss du likar opium vil du elske…. Han hadde ei kasse med noko som såg ut som originale dufter, mellom anna mykje testarar frå Hermes.

Men når han tek tredve euro blindt, uansett om det er 30 ml eller 60 ml, og interesserer seg null for varene sine, så misser eg handlelysta. Eg såg lenge på ein Rive Gauche som han påsto var gamal, og det var den kanskje, men 30 ml for 30 euro når du ikkje heilt veit om det er tjuvgods, eg forlot han.

Desse marknadane er ikkje lenger plassar der pariserfruene kvittar seg med arvegods og interiørdetaljar. Det er no mykje salg av varer av diffust opphav, svært billige sko og tekstilar, til svært variabel kvalitet. Lite av det er brukt, men det er mykje converse og nike som enten må vere fake eller så er det tjuvgods.

Mykje er ganske enkelt dagligvarer, og det rettar seg mot nye franskmenn. Nokre mat- og krydderboder var der, men det einaste vi kom derifrå med var ei veske som fjortenåringen skal bruke som skuleveske, med plass til a4-permar.

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Loppemarked er ikke hva de engang var…Jeg husker mitt første besøk på Porta Portese i Roma, og på Porte de Clignancourt i Paris da jeg var 18. Vi fant mamelukker jeg ennå bruker under bunaden og masse annet morsomt. Nå er det mye rask, og som du sier; mye for lokalbefolkning og mye som enten er fake eller tyvegods. Drømmen er å dette over et fantastisk loppis et eller annet sted, et som myldrer av lopper og skatter:)

  2. Å, ja. Jeg husker også mine loppemarkedsoppdagelser i Øst-Berlin i årene rett etter murens fall. Flotte broderte duker og putevar, gamle dessertskåler og serveringsskåler i krystall. Virkelige funn som fylte håndbagasjesekken på veien hjem!

Leave a Reply