Livet, Lykke, Mat, Middag
Comment 1

Ein spontanfest

I går hadde vi ein liten spontanfest her heime hos oss.

Vi fekk ei tekstmelding på morgonen, om at ei venninne ville spele brettspel med oss. Svaret var gjerne, og vi kan ha det her. Vi vart fem til bords, og vi byrja med denne wok-retten:

Svinewok til fire (neida, det var nok til fem, eg er berre litt raus med porsjonane.)

500 g svinekjøt

Ein skalk kål

Ein halv purre

Ein paprika

Ein liten pose bønnespirar

1 ss riven ingefær

3 fedd kvitløk

Ein neve sukkererter

4 ss soyasaus

3 ss søt chilisaus

3 ss østerssaus

2 dl vatn

2 ts fivespice-krydder

1 dl olje til steiking, raps eller soya.

400 g eggnudlar

Finhakk alle grønsakene. Legg til side. Set på godt salta kokevatn til eggnudlane.

Hell olje i woken, og ha i kjøtet i porsjonar. Steik til det ikkje lenger kjem ut blod, og kjøtet har fått fin farge.

Ta ut kjøtet av woken, og ha i ingefær og pressa kvitløk. La det frese litt, før du har i resten av grønsakene. Ha eggnudlane i kokevatnet.

Fres grønsakene med krydderet til dei byrjar bli møre. Ha i kjøtet. Fres vidare medan du har på sausane og vatnet. Har du ikkje chilisaus og østerssaus kan du ha i litt meir soya. La det heile stå litt og putre medan du dekker bordet og sjekkar at nudlane er ferdige. Vend dei og bønnespirane inn til slutt, og server. (Vi var så svoltne at det vart ikkje tid til bilde.)

Ta fram det du har av spel. Vi spelte «Når skjedde det», Ubongo og Kokkelimonke. Spel i veg, og kos dokke.

This entry was posted in: Livet, Lykke, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Hehe, Ubongo og Kokkelimonke er to av våre favoritter også. Men «Når skjedde det» har vi aldri prøvd 🙂

Leave a Reply to RagnaCancel reply