Billig mat, Middag, Supper, Veggis
Comment 1

Meir berlinmat – gulrotsuppe


Ein annan rett som Ursula alltid lagar til oss er gulrotsuppe med ingefær. Den er smakfull og likevel enkel å lage. Ingefær gjev den varme, og med masse grønsaker er dette både ei billig og næringsrik suppe. Ho brukar den ofte til forrett før ein fin middag, men den kan like gjerne serverast som ein kvardagsmiddag eller til kvelds. Slik gjer du det:

Gulrotsuppe

750 g gulrøtter

To poteter

Ein stor eller to små løk

Tre fedd kvitløk

Olivenolje

1 liter vatn

3 dl appelsinjuice

1 ss fond eller ein buljongterning

1-2 ss reven, frisk ingefær

Sukker, salt og peppar

Rens grønsakene, og riv dei grovt. Med matmølle går dette veldig fort. Varm opp olivenolje i ei romsleg gryte. Ha i løk, kvitløk og halvparten av ingefæren, og la det frese til løken er blank.

Ha i resten av grønsakene, og la dei frese litt. Slå på vatn og appelsinjuice, du kan også bruke eplejuice viss du ikkje har appelsinjuice. Ha i fond eller buljong, og la suppa koke til grønsakene er møre, ca. 15 minutt. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar. Smak til med sukker, salt og peppar, og server med godt brød.

Viss du vil lage den endå meir smakfull kan du ha på krutongar eller sprøsteikte baconterningar, viss du ikkje er veggis.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s